Oppgåve
Middagsrett med utvalde råvarer
Set saman ein middagsrett basert på eit gitt utval av råvarer.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Kva du skal lære
Du skal lære å setje saman ein middagsrett som inneheld spesifikke råvarer.
Slik gjer du:
- Gå i gruppe med tre–fire andre.
- Ein eller to i gruppa skal fungere som gruppeleiar(ar), som har ansvaret for å koordinere arbeidet.
- Vel eitt av punkta under som utgangspunkt, og lag ein middagsrett med tilhøyrande drikke:
- ein tradisjonell rett frå området
- ein internasjonal rett
- ein rett som inneheld minst eitt fairtrade-produkt
- ein rett som er laga av økologiske råvarer
- ein rett som inneheld sesongvarer
- De skal presentere retten for klassen. De skal beskrive retten og grunngi valet av råvarer.