Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Meir om type 1- og type 2-diabetes

Her kan du lese meir om dei to typane av diabetes.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.
Type 1-diabetesType 2-diabetes
Insulinavhengig diabetes Ikkje-insulinavhengig diabetes
Rammar ofte barn og unge.Rammar sjeldan før 40-årsalderen, ofte seinare.
Tydelege symptom gjer at sjukdommen blir oppdaga.Diffuse symptom gjer at ein kan ha sjukdommen utan å vite om det.
Symptom er tørste, stor urinmengd, høgt blodsukker, vekttap og nedsett allmenntilstand.

Symptoma er dei same som ved type 1-diabetes, men dei er ikkje så tydelege.

Tidlege symptom kan vere at ein er trøytt og uopplagd. Somme blir deprimerte.

Sjukdommen utviklar seg raskt. Dersom ein ikkje får behandling, kan ein utvikle diabetisk koma.Sjukdommen utviklar seg langsamt.
Sjukdommen kjem av at dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen har slutta å produsere insulin.Sjukdommen kjem vanlegvis av at insulinet verkar for dårleg, eller at produksjonen er nedsett.
Sjukdommen er alvorleg og må behandlast. Ubehandla diabetes aukar risikoen for mange tilleggssjukdommar.Sjukdommen er alvorleg og må behandlast. Ubehandla diabetes aukar risikoen for mange tilleggssjukdommar.
Personar med type 1-diabetes må ha tilførsel av insulin i form av injeksjonar. Insulinet blir øydelagt av fordøyingsvæskene i mage og tarm og kan difor ikkje takast som tablettar.Type 2-diabetes kan til ein viss grad behandlast berre ved å leggje om livsstilen. I tillegg må dei fleste ta tablettar for å senke blodsukkeret. Somme type 2-diabetikarar må også ta insulin.

Livsstil er viktig:

Riktig kosthald med umetta feitt, grove kornprodukt og få raske karbohydrat er viktig. Det er også viktig med regelmessige måltid og fysisk aktivitet.

Livsstil er viktig:

Riktig kosthald med umetta feitt, grove kornprodukt og få raske karbohydrat er viktig. Det er også viktig med regelmessige måltid og fysisk aktivitet.

Skrive av Trine Merethe Paulsen og Guri Bente Hårberg.
Sist oppdatert 03.03.2017