Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Lag ein kulturfestival!

Noreg er ein festivalnasjon, og kvart einaste år dukkar det opp nye festivalar innanfor musikk, mat og kultur. Kva skal til for å arrangere ein festival?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Skip til ein festival!

Du og tre av vennene dine ønskjer å få i stand ein frilufts- og kulturfestival i nærmiljøet. De har mange planar om kva slags aktivitetar de skal ha. Festivalen skal vere nytenkjande og berekraftig.

  1. Formuler forretningsideen for festivalen dykkar.
  2. Kva for hovud- og tilleggsleveransar kan festivalen tilby deltakarane?
  3. Korleis vil du gå fram for å finne deltakarar til festivalen?
  4. Lag eit utkast til ein reklameplakat for festivalen, anten på papir eller ved hjelp av digitale medium.
Skrive av Oddvar Torgersen. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS.
Sist oppdatert 19.11.2017