Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Framtida for samiske språk i Noreg

Framtida for samiske språk blir påverka av språkpolitisk styring. Kva syn har dei politiske partia på den samiske språksituasjonen?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Oppgåve

Alle dei store politiske partia i Noreg har ein språkpolitikk. Det gjeld òg politikk overfor samiske språk. Del klassen inn i ni grupper som skal representere desse politiske partia:

  1. Arbeidarpartiet
  2. Høgre
  3. Senterpartiet
  4. Sosialistisk Venstreparti
  5. Kristeleg Folkeparti
  6. Raudt
  7. Miljøpartiet Dei Grøne
  8. Venstre
  9. Framstegspartiet

Kvar gruppe set seg inn i partiet sitt stortingsvalprogram for 2017–2021. Informasjon finn de her: Hvilke løfter gir norske partier til samer?

Diskuter deretter følgjande problemstilling i klassen:

  • Korleis kan samisk språk og kultur best sikrast for framtida?

Hugs at synspunkta dine må vere i tråd med partiprogrammet. Forsøk å finne argument for at standpunktet til partiet ditt er det rette.

Skrive av Anne Ely Thorenfeldt og Ragna Marie Tørdal.
Sist oppdatert 25.10.2018