Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Ein trygg arbeidsplass

Ein god og trygg arbeidsplass er viktig både for medarbeidarne og for arbeidsresultatet. Det er difor viktig at både arbeidsplass og arbeidsdag er tilrettelagt med tanke på dette.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.
  1. Korleis vil du beskrive ein god og trygg arbeidsplass?
  2. Ein ny maskin skal takast i bruk i bedrifta di. Kva bør ei risikovurdering omfatte?
  3. Du finn noko du trur er feil i eit sikkerheitsdatablad. Kva gjer du?
  4. Beskriv slutten på ein arbeidsdag i det faget du ønskjer å satse på.
  5. Lag ei skisse av det du ønskjer skal bli din arbeidsplass, med plass for råvarer og reiskap. Skriv på teikninga kva du vil oppbevare kvar og korleis det skal oppbevarast.
Skrive av Egil Eikvil.
Sist oppdatert 08.04.2020