Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve

Ei gåte som må løysast?

“Meininga i poesi er av underordna betyding", sa den danske forfattaren Karen Blixen.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Ingen fasit

Mange trur at dikt er som ei gåte som må løysast. Men like viktig kan det vere å berre oppleve diktet og undre seg over det.

Oppgåve 1. Teikn diktet

  1. Les haikudiktet av Petter Solberg under og skriv ned dei spørsmåla den konsentrerte korte teksten vekker i deg.
  2. Teikn diktet! Ofte kan teikninga di vise korleis du vil tolke diktet eller kva du undrar på.
  3. Samanlikn teikninga med tre andre i klassen. Har de teikna dikta nokolunde likt? Forklar kvifor de valde å teikne diktet slik de gjorde.

tankespinn

flue fanger edderkopp

hvem er sterkest i landet her

Tekst: Petter Solberg / Avgrensa gjenbruk

Oppgåve 2. Skriv eit haikudikt!

Diktet til Petter Solberg i oppgåve 1 er eit såkalla haikudikt. Haikudikt er ein lyrikksjanger frå Japan med strenge reglar. Diktet skal vere over tre linjer, og det skal ha 17 stavingar fordelte i eit bestemt mønster.

No skal du lage eigne haikudikt, men du treng ikkje følgje andre reglar enn at

  • diktet skal vere kort,
  • og det skal vere over tre linjer.

Prøv å lage dikt som skal få lesaren til å undre seg. Noko som er litt rart og originalt. Eit godt tips er å tilføre eit overraskingsmoment i den siste linja, slik Solberg gjer i diktet over.

Kjelder

Sitat av Karen Blixen teke frå https://www.ordtak.no/sitat.php?id=13858

Solberg, P (2008). Dikt uten tittel. Enkeltståande dikt skrivne for NDLA.

Skrive av Åsa Abusland.
Sist oppdatert 06.05.2026