Vurderingsressurs
Eigenvurdering for emnet "innføring i kommunikasjonsarbeid"
Kor godt forstår du kommunikasjonsarbeid?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Har du forstått?
Kan du "krysse av" for påstandane nedanfor, har du veldig god greie på kva kommunikasjon betyr i mediefag, og du kan bruke kommunikasjonsmodellar i arbeidet med eigne medieproduksjonar.
- Eg veit kva kommunikasjonsarbeid er og kva ein kommunikasjonsrådgivar jobbar med.
- Eg veit at planlagd kommunikasjon er viktig både i det offentlege og det private.
- Eg forstår at planlagd kommunikasjon blir gjort for å nå målsetjingar i ei verksemd.
- Eg forstår at både kommunikasjon internt i og frå ei verksemd skal sikre omdømmet og interessene til verksemda.
Kan du omgrepa?
Kommunikasjonsarbeid | Kommunikasjonsrådgivar | PR |
Omdøme | Pressemelding | Pressekonferanse |
Planlagd kommunikasjon | Intern kommunikasjon | Verksemd |
Informasjonsformidling | Publiseringsplattform | Interaksjonsdesign |