Vurderingsressurs
Eigenvurdering for emnet innføring i grafisk design
I emnet har du fått ei innføring i bruk av fargar og typografi, og dessutan grunnleggjande kunnskapar om komposisjonsprinsipp og enkel formgiving. Sjekk kva du har lært!
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Kva har du fått med deg?
- Du kan bruke eigna programvare og grunnleggjande funksjonar i utforminga av enkle design.
- Du veit kva komposisjonsprinsipp i grafisk design går ut på.
- Du kan kjenne att og bruke kontrast og balanse som komposisjonsprinsipp i enkle design.
- Du kan vurdere og tenkje gjennom val av fargar og skrifttypar for å formidle ein bodskap visuelt.
- Du kan lage enkle design i ulike sjangrar og format.
Fagomgrep | |||
|---|---|---|---|
Komposisjonsprinsipp | Kontrast | Balanse | Ittens fargesirkel |
Bodskap | Layout | Grafisk design | Typografi |
Fargar som designelement | Fargekontrast | Skriftsnitt | Skriftgrupper |
Hurtigtastar | Arbeidsområde | Programvare |