Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Vurderingsressurs

Eigenvurdering for emnet biletsjangrar

Her kan du sjekke forståinga di av emnet biletsjangrar. Kva har du fått med deg?
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Har du forstått?

Kan du svare ja på alle punkta nedanfor, har du fått med deg det mest sentrale i emnet biletsjangrar.

  • Eg kan planleggje, produsere og ferdigstille bilete i ulike sjangrar.
  • Eg kjenner til ulike biletsjangrar som reklamefoto, illustrasjonsfoto, reportasjebilete og portrett.
  • Eg veit at eit reportasjebilete skildrar ein augneblink, som om ein sjølv var til stades.
  • Eg kan ta bilete for å marknadsføre produkt, med gode bilete både av produktet og av produktet i bruk.
  • Eg forstår at val eg tek ved bilettaking og redigering, har betydning for korleis andre tolkar biletuttrykket.

Fagomgrep

Fokus

Å stille eit bilete skarpt ved å vri på fokusringen på objektivet på eit kamera. Fokus blir ofte kombinert med å zoome inn på motivet.

Objektiv

Eit rør som består av linser og/eller speglar som er utforma slik at lysstrålane frå eit motiv samlast og fokuserast på bildesensoren som sit lengst bak i kameraet. Dette gjer at vi får eit bilete.

Blikkpunkt

Punktet vi som publikum rettar fokuset mot når vi ser på bilete.

Biletmontasje

Biletmontasje er å setje saman fleire ulike bilete til eit nytt, sjølvstendig bilete. Uttrykket kan ha diskrete overgangar mellom dei ulike bileta slik at dei verkar naturlege saman, eller det kan ha tydelege skilje.

RAW-format

er ikkje eit biletformat, men ukomprimert informasjon frå biletsensoren i kameraet. Det kan lagrast som ei biletfil når ein er ferdig med etterbehandlinga.

Kvitbalanse

Ei innstilling i kameraet som justerer fargetemperatur på film eller foto. Namnet kjem av at det som ser kvitt ut for auga, òg blir kvitt på biletet ved hjelp av denne justeringa. Kvitbalanse krev ulike innstillingar for om biletet er teke ute eller inne.

Blendar

Blendaren i eit kamera og i eit mikroskop justerer kor mykje lys som blir sloppe inn, og dermed påverkar kor lyst eller mørkt biletet blir. Blendaren påverkar dessutan djupneskarpleiken: Lita opning gir større djupneskarpleik.

Lukkar

er tida kameraet bruker på å sleppe inn lys. Ho seier kor lenge eksponeringa skal vare.

Sjanger

Ordet tyder slekt, type, kategori, klasse eller art. Vi bruker omgrepet når vi kategoriserer skriftlege og munnlege tekstar, filmar, bilete, musikk og så vidare.

Skrive av Stina Åshildsdatter Grolid.
Sist oppdatert 01.05.2021