Hopp til innhald

Fagstoff

Tekstur

Kan du kjenne igjen gjenstandar berre ved å ta på dei? Tekstur er overflateverknaden eller stofflegheita til eit materiale. Vi kan til dømes oppleve overflater som mjuke, glatte, ru eller hårete. Korleis kan du få fram kjensla av tekstur i eit flatt bilete?
Ein stripete strikka lapp er teikna i ulike gråtonar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekstur

Tekstur er korleis ei overflate ser ut eller kjennest. Alle overflater har tekstur. Du kan til dømes oppleve ei form som mjuk eller hard, blank eller matt, glatt eller ru. Viss vi set ulike teksturar opp mot kvarandre, kan vi skape kontrastar i overflatene.

Taktil tekstur

Taktil tekstur er korleis ei overflate kjennest når du tek på henne. Ho har ein tredimensjonal verknad.

Keramikkfliser med ulike teksturar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Visuell tekstur

Visuell tekstur er korleis ei overflate ser ut. Vi kan bruke visuell tekstur til å lage ein illusjon. Det vil seie at vi kan skape ei førestilling som ikkje er verkeleg. Du kan til dømes teikne noko på eit glatt papir og få det til å sjå lodent ut ved å bruke ulike gråtonar og skraveringsteknikkar.

18 kuler  teikna med ulike overflateverknader. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tekstur i måleri

Eit døme på korleis vi kan skape visuell tekstur er måleriet Soverom i Arles. Det er laga av den verdskjende nederlandske kunstnaren Vincent van Gogh i 1889. Van Gogh er kjend for å ha modernisert måleteknikkar. Han jobba med å uttrykke ulike stemningar, mellom anna gjennom å eksperimentere med tekstur.

Måleri av eit blåmåla soverom med seng, eit lite bord og to stolar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Van Gogh brukte gjerne korte, parallelle penselstrok og sterke fargar. Dette var eit tydeleg brot med tradisjonelle teknikkar brukt av tidlegare målarar som jobba med å framstille verkelegheita så realistisk som mogleg.

Utforsk korleis kunstnarar har jobba med tekstur

  1. Finn bilete av teikningar eller måleri der ulike overflater blir gjengitt. Studer korleis kunstnarane har jobba for å få fram teksturar i motiva sine.

  2. Sitt saman i grupper på tre og del bileta de har funne. Diskuter ulike overflateverknader.

Relatert innhald

Finn ulike teksturar, og lag avtrykk av dei. Etterpå kan du bruke erfaringane dine til å skape ditt eige uttrykk.

Bruk valørar og skravering når du skal teikne ein studie av eit strikkestoff eller eit anna tekstil med tydeleg tekstur.

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland, Ellen Johansen og Anita Neby.
Sist fagleg oppdatert 21.03.2024

Læringsressursar

Teikneteknikkar