Strek, linjer og kontur
Ein strek er sporet etter ein teiknereiskap. Streken er konkret med ei byrjing og ein slutt. Han er eit sjølvsagt verkemiddel innan teikning, og noko vi gjerne utforska som små barn.
For å utvikle deg som teiknar bør du halde fram med å eksperimentere med streken. Test ut ulike teikneblyantar og erfar korleis streken forandrar seg alt etter kvar du held på blyanten, kva for trykk du har, og kva fart du teiknar med.
Korleis du held blyanten er viktig. Når du skal teikne nøyaktig, er det lurt å teikne sakte og halde nede på blyanten. Skal du skravere laust på ei teikning, kan det lønne seg å teikne med raske rørsler og halde lenger oppe på blyanten. For å få store rørsler når du teiknar i stort format, er det best å halde heilt oppe på blyanten.
Hugs at å teikne er trening. Når du har fått det "inn i handa" er det som å sykle. Då kan du det.
Ei linje kan vi teikne, men vi kan òg sjå ei linje som vi synest oppstår mellom andre former. Til dømes vil fleire punkt kunne danne ei linje.
Linjer kan ha ulik karakter. Geometriske linjer er rette eller stramt bøygde, slik vi kan konstruere dei ved hjelp av ein linjal eller passar. Mens organiske linjer er mjuke og uregelmessige, slik vi kan møte dei i naturen.
Her har vi brukt geometriske og organiske strekar i to komposisjonar. Hugs at ei linje kan vere det same som ein strek, men at linjer òg kan oppstå i mellomromma.
Kontur er å teikne med streken slik at han viser ei form. Kontur blir som regel forklart som omrisset av ein figur, men konturen er meir enn berre omrisset. Han har òg ein tredimensjonal verknad. Det vil seie at han viser både tjukna, lengda og breidda av forma han omgir.
Relatert innhald
Teikning kan gi deg ei betre formforståing. Å observere ting rundt deg og gi att dette med ein samanhengande strek på papiret, er ei god øving.