Hopp til innhald

Fagstoff

Valør

Korleis kan du skape liv og djupneverknad i ei teikning? Eit grunnleggande verkemiddel i teikning og illustrasjon er valørar. Vi skal sjå nærare på korleis du kan bruke gråtonar, og korleis du kan få fram lys og skugge i teikningane dine.
Teikneutstyr og ein kopp kaffi på eit bord. Teikneblokka har skyer som motiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Valørar mellom kvitt og svart

Dei ulike gråtonane har ulik lysheit, og vi kallar gråtonane mellom kvitt og svart for valørar. Vi kan dele gråtonane inn i ein skala som går frå lyst til mørkt.

Trinnvis inndeling av gråtonar mellom svart og kvitt. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øv deg på å skape valørar med teikneblyantane dine.

Trinnvise overgangar frå lyst til mørkt teikna med ein 4B-blyant. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Illusjon av djupn

Valørar hjelper oss å skape ein av at noko som i verkelegheita er tredimensjonalt, blir opplevd slik også på ei todimensjonal flate. Arket er flatt og har berre to dimensjonar: og . Det har ikkje djupn. Bruk av valørar er eit viktig verkemiddel når du vil at ei form skal verke tredimensjonal på arket.

Fire foto viser prosessen med å teikne eit eple med blyant. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lys og skugge

Du kan bruke gråtonane til å gjengi lys- og skuggeverknader. Dei lyse valørane oppfattar vi som lys når dei står saman med mørke gråtonar. Dei mørke valørane opplever vi som skuggar. Slik kan du modellere forma og plassere henne i eit rom. Skuggen som blir danna på sjølve forma, kallar vi eigenskugge, og skuggen på underlaget heiter slagskugge.

Det er ikkje berre den direkte lyskjelda som er med på å definere forma. Også indirekte lys som blir reflektert frå omgivnadene, verkar inn. Legg merke til at lyset blir kasta tilbake frå underlaget viss du set eit eple på eit kvitt ark. Dette skaper ein refleksjon på eplet. Denne refleksen kan vere med på å skape liv i teikninga di.

Eit eple med lys- og skuggeverknader plassert på eit kvitt underlag. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-SASkrive av Annlaug Auestad og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2024

Læringsressursar

Teikneteknikkar