Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skap valørar med teikneblyantane

No skal du teste kvar enkelt blyant og lage ein skala frå lys til mørk. Dette blir kalla ein valørskala. Samtidig blir du kjend med teikneblyantane og dei ulike eigenskapane dei har.

Valørskala

For å lære å teikne må du vite korleis du kan bruke blyanten, og kva verkemiddel som finst. Bruk av valørar er heilt grunnleggande og blir heile tida brukt i teikning og illustrasjon. Lyse valørar vil opplevast som lys i teikninga. Mørke valørar vil skape oppleving av skugge. Saman blir ein illusjon skapt av tredimensjonalitet i teikninga.

Trinnvis inndeling av gråtonar mellom kvitt og svart. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lag ulike valørskalaer med bruk av ulike blyantar

Vi skal jobbe med valørskala (gråtoneskala) og øve på å lage graderingar med dei ulike blyantane.

Utstyr

  • Teiknepapir: A4-format

  • Blyantar: 2B, 4B, 6B

  • Linjal

Framgangsmåte

Teikn åtte samanhengande ruter cirka 2 x 2 cm på eit A3-ark. Lag tre rader på same måte. I den første rada skal du bruke 2B-blyanten, i den andre 4B og i den tredje 6B.

Teikninga er beskriven i teksten. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Begynn med svak skravering og teikn gradvis mørkare mot høgre. Med skravering siktar ein til å fylle ei flate med tette strekar for å oppnå ein valør. (Dei ulike skraveringsteknikkane skal du lære meir i oppgåva om skraveringsteknikk. No held vi oss berre til det å lage ei tett flate sånn at det blir ei gradering frå lys til mørk.)

Jobb gjerne litt fram og tilbake sånn at du justerer mørkheita etter kvart. Det skal vere trinnvise overgangar frå lyst til mørkt. Skriv kva blyant du har brukt på kvar av valørøvingane.

Denne oppgåva krev litt øving. Prøv gjerne fleire gonger slik at du finn ut korleis det er enklast å gjere det. Det er lett for at felta i midten blir litt like – dei skal altså gå frå lyst (ikkje kvitt) til så mørkt som du greier, med dei ulike blyantane.

Tips! Viss du er fornøgd med resultatet etter at du har gjort øvinga, kan du lime valørskalaen inn i skisseboka di.

>

CC BY-SASkrive av Annlaug Auestad.
Sist fagleg oppdatert 24.04.2024

Læringsressursar

Teikneteknikkar