Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Få fram tekstur med valørar

Korleis kan du få fram ulike overflater i teikninga di? Bruk valørar og skraveringsteknikk til å teikne ein studie av eit strikkestoff eller eit anna tekstil med tydeleg tekstur.
Ein stripa, strikka lapp er teikna i ulike gråtonar. Foto.

Lag ei studieteikning

Dette er ei god øving der du trener på å bruke valørar for å fram illusjonen av lys og skugge. Samtidig får du øve på å teikne tekstur på ein morosam måte. Ta med deg erfaringane frå øvingane om valørar og skravering.

Utstyr

  • Teiknepapir: A4-format

  • Blyantar: 2B, 4B, 6B

  • Tøystykke med tydeleg tekstur

Framgangsmåte

  1. Les om tekstur.

  2. Finn fram eit tekstil der du tydeleg kan sjå teksturen.

  3. På teiknepapiret lagar du først ei rute på cirka 5 cm x 6 cm.

  4. Studer stoffet du skal teikne, og prøv å gjengi det så nøyaktig som mogleg.

CC BY-SASkrive av Annlaug Auestad.
Sist fagleg oppdatert 06.03.2024

Læringsressursar

Teikneteknikkar