Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teikn positive og negative former

I denne oppgåva skal du teikne ein stol. Studer først dei positive formene på stolen og teikn dei. Etterpå skal du konsentrere deg om dei negative formene som oppstår i mellomromma, og gjengi dei som flater på teiknearket ditt. Får du dei negative flatene på plass, blir også forma på stolen rett.
Lenestol i bjørkefiner med organiske former. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utstyr

  • Ein stol (eller eventuelt foto av ein stol)

  • Teiknepapir: A4-format

  • Teikneblyantar: 2B og 6B

Del 1: Teikn ein stol ut frå dei positive formene

Ein stol er ei positiv form. Les meir om positiv og negativ form før du begynner på denne teikneoppgåva, der du berre skal sjå på dei positive formene.

  1. No kan du anten stille opp ein stol, eller du kan ta eit bilete av ein stol. Dersom du vel å teikne ein stol i rommet, må du først bestemme ei ramme som teikninga di skal plasserast inn i. Denne kan vere som eit ståande rektangel.

    Det same gjeld om du teiknar ut frå eit fotografi, men her har du allereie laga eit utsnitt og ei ramme då du tok biletet. Dette kan du bruke i teikninga di.

  2. Teikn stolen ved å studere korleis han ser ut:
    Studer vinklar og storleiksforhold, altså kor høgt er det frå golvet til setet, og vidare kor høg ryggen er i forhold til dette. Kor stor avstand er det mellom stolbeina, og så vidare. Prøv å teikne det du ser så nøyaktig som mogleg med ein 2B-blyant.

  3. Skraver sjølve stolen, som her er dei positive formene, med ein 6B-blyant.

Same stol er teikna to gonger. Først ein med konturlinjer, så ein med skraverte flater. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Teikn same stol, men bruk dei negative formene

No skal du teikne same stol, men konsentrere deg om mellomromma, altså dei negative formene som oppstår i mellomromma og rundt stolen.

  1. Lag ei lik ramme på teiknearket ditt som i del 1. Prøv å la vere å tenke på gjenstanden, ikkje tenk på at det er ein stol. Fokus på formene som oppstår i mellomromma og teikn desse som negative flater på teiknearket ditt med ein 2B-blyant.

  2. Skraver bakgrunnen, altså dei negative flatene du har teikna, med ein 6B-blyant.

Same stol er teikna to gonger. Først ein med konturlinjer, så ein med skraverte flater i mellomromma. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du har lært å bruke mellomromma når du teiknar, har du komme eit langt steg vidare i teiknekunsten!

CC BY-SASkrive av Annlaug Auestad og Inger Gilje Sporaland.
Sist fagleg oppdatert 17.04.2024

Læringsressursar

Teikneteknikkar