Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skraveringsteknikk

Skravering er når strekar eller punkt blir teikna side om side for å gi valør til ei flate. Teiknar du lag på lag med skravering, blir ein mørk valør skapt. Med skraveringar skapar du valørar og illusjon av lys og mørke. I denne oppgåva skal du øve på ulike skraveringsteknikkar.
Blyantteikning av eit enkelt hus. Delar av flatene er skraverte. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Instruksjonsfilm

Filmen under vise korleis du kan teikne rundt ei rund form slik at du får fleire sirklar med same storleik. Du får også innføring i korleis du kan fylle desse med strekar og punkt. Legg merke til korleis kryssing av fleire linjer skaper mørkare valør.

Her skal det komme ein instruksjonsfilm som viser teknikken.

Øv på ulike skraveringsteknikkar

Utstyr

Blyantar: 2B, 4B, 6B

Teiknepapir: A4-format

Illustrasjonen viser skraveringsteknikkane som er forklarte i teksten. Felta er skraverte frå lyst til mørkare. Illustrasjon.
  1. Lag fem rader med tre sirklar i kvar rad. Tips: Du kan til dømes teikne rundt ein teiprull eller limstift slik at du får sirklar på omtrent tre centimeter i diameter.

  2. Teikn frå lyse til mørkare felt ved hjelp av skraveringa. Studer døma i biletet; begynn frå venstre og hald fram til du har fått ulike gråtonar med i alle felta.

    Fyll sirklane med desse variantane av skravering:

  1. Skrå-skravering får vi når linjene blir teikna side om side på skrå. Først i den eine vinkelen, så i den andre.

  2. Kryss-skravering er når linjene blir teikna side om side horisontalt og vertikalt. Desse dannar eit kryssmønster.

  3. Korte strekar og prikkar blir sette tett eller mindre tett saman. Fagordet for prikk er punkt. Fleire strekar eller punkt som står tett saman, gir mørkare flate. Færre eller meir mellomrom gir ei lysare flate.

  4. Diagonal skravering er når strekane går på skrå, men i same retning. Strekane kan vere lange, eller det kan vere fleire, kortare strekar. Tettleiken og kor mange lag med strekar det er, påverkar kor mørk flata blir. Begge variantar er med i denne oppgåva.

CC BY-SASkrive av Annlaug Auestad.
Sist fagleg oppdatert 05.05.2024

Læringsressursar

Teikneteknikkar