Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teikneøvingar med geometriske og organiske linjer

Geometriske former er former som kan konstruerast med passar og linjal, mens organiske former har uregelmessige, mjuke linjer, som dei vi finn i naturen. Vi kan skape kontrastar ved å kombinere geometriske og organiske former. I desse oppgåvene skal du øve på både rette og bogne, mjuke linjer.
To komposisjonar: ein med geometriske og ein med organiske linjer. Illustrasjon.

Oppgåve 1. Rette og geometriske linjer

Utstyr

  • Teiknepapir: A4-format

  • Blyant: 4B

Framgangsmåte

I denne oppgåva bør du teikne sakte og nøyaktig, derfor er det best å halde lågt nede på blyanten.

  1. Teikn eit kvadrat på cirka 8 x 8 cm med lys strek.

  2. Del firkanten med rette linjer sånn at det blir større og mindre flater. (Sjå dømet under.)

  3. Teikn sakte og fyll flatene med berre rette linjer. Snu på papiret når du jobbar, då får du lettare variasjon i retningane på streken.

To komposisjonar med geometriske linjer. Den eine deler arket opp i flater, på den andre er flatene fylte ut med rette linjer. Illustrasjon.

Oppgåve 2. Mjuke og organiske linjer

Utstyr

  • Teiknepapir: A4-format

  • Blyant: 6B

Framgangsmåte

Også i denne oppgåva bør du teikne sakte og nøyaktig, derfor er det igjen best å halde lågt nede på blyanten.

  1. Teikn eit kvadrat på cirka 8 x 8 cm med lys strek.

  2. Del firkanten med bogne linjer. (Sjå dømet under.)

  3. Teikn sakte og fyll flatene i firkanten med mjuke, organiske linjer. Snu på papiret når du jobbar, då får du lettare variasjon i retningane på streken. Hugs å spisse blyanten undervegs.

To komposisjonar med organiske linjer. Den eine deler arket opp i organiske former, på den andre er dei organiske formene fylte ut med mjuke, bogne linjer. Illustrasjon.

Du har kanskje lagt merke til at uttrykket "inn i handa" ofte blir brukt? Det er ikkje tilfeldig. Teikning handlar om å øve, praktisere og gjere. Altså å få teikning inn i handa og i hovudet.

Oppgåve 3. Leik med organiske linjer og skap djupneverknad

Fleire spiralar er teikna med blyant. Bruk av ulike gråtonar skaper djupneverknad. Illustrasjon.

Utstyr

  • Teiknepapir: A4-format

  • Blyantar: 2B og 6B

  • Knettgummi

Ein raud spiral teikna med lik avstand mellom linjene. Illustrasjon.

Lag ein komposisjon med organiske linjer

I denne oppgåva skal du starte med ei leiken utforsking av organiske linjer.

  • Bruk ein 2B-blyant og hald med laust grep midt på eller lenger oppe på blyanten.

  • Leik med organiske linjer og lag ein komposisjon ved hjelp av sirklar, spiralar og mjuke strekar. Fyll heile A4-arket med linjer.

Skap djupneverknad ved hjelp av gråtonar

  • Gå over til 6B-blyanten. Hald lenger nede på blyanten og bruk også sida av blyantspissen når du skal lage variasjon i gråtonane.

  • Lag skuggeverknader ved å legge inn mørkare valørar. Bruk knettgummi til å lysne parti i teikninga.

Komposisjon med organiske linjer teikna med blyant. Bruk av ulike gråtonar skaper djupneverknad. Illustrasjon.

Relatert innhald

Geometriske former er former som kan konstruerast med passar og linjal, mens organiske former har uregelmessige, mjuke linjer som dei vi finn i naturen.

Gråtonane mellom kvitt og svart blir kalla valørar. Lær korleis du kan bruke valørar til å skape djupneverknad i teikningane dine.

CC BY-SASkrive av Annlaug Auestad.
Sist fagleg oppdatert 21.04.2024

Læringsressursar

Teikneteknikkar