Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Øv opp kontrollen på handa di

Grunnleggande øvingar hjelper deg til å trene opp og halde ved like teikneferdigheitene dine. Øv på å la auget følge handa heile tida. Då vil kontrollen og nøyaktigheita blir etter kvart forbetra.
To hender som grip ein blyant på to ulike måtar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Øving gjer meister

I desse øvingane skal du konsentrere deg om å ha kontroll på handa di mens du teiknar. Jo meir du trenar, jo sikrare blir strekane dine. Samtidig blir auget ditt flinkare til å vurdere avstand og form.

1. Grunnfigurar

Teikn enkeltståande figurar. Løft blyanten minst mogleg frå arket:

Ein raud spiral teikna med lik avstand mellom linjene i retning mot klokka. Illustrasjon.
  • eit punkt

  • ei linje
  • ei linje
  • ei diagonal (skråstilt) linje
  • ein sirkel
  • ein likesida trekant
  • eit kvadrat
  • ei femtakka stjerne
  • ein spiral med lik avstand mellom kvar ring

Gjenta øvingane. Teikn spiralane både med og mot klokka.

2. Kvadrat

Teikn fem kvadrat utan omriss. På det første nyttar du punkt, på dei fire andre linjer. Avstanden mellom dei skal vere lik. Nærleiken mellom punkt eller linjer skaper eit inntrykk av firkanta former.

  1. Bruk rekker med punkt til å ramme inn eit kvadrat.
  2. Skap kvadrat i mellomrommet, først med vertikale linjer og så med horisontale linjer.

  3. Teikn dei to siste kvadrata med diagonale linjer, men i kvar si retning.

Fem kvadrat. Eit kvadrat er teikna med punkt, og fire kvadrat er danna i mellomrommet mellom vertikale, horisontale og diagonale strekar. Blyantteikning.
Opne bilete i eit nytt vindauge

3. Sirklar og ellipsar

  1. Teikn sirklar. Mange sirklar. La den neste bli meir jamn og rund enn den førre for kvar gong.

Raud ellipse. Illustrasjon.
  1. Ein annan variant er ellipsar. Sidan han er basert på sirkelen, har han verken knekkpunkt eller heilt rette linjestykke nokon stad. Gå frå ein heil sirkel og teikn meir og meir ovale, slik at det ser ut som om sirkelen blir klemd saman.

CC BY-SASkrive av Øystein Johan Østby. Rettshavar: Solum Bokvennen
Sist fagleg oppdatert 16.04.2024

Læringsressursar

Teikneteknikkar