Hopp til innhald
Oppgåve

Skap volum ved hjelp av linjer

No skal du teikne handa di på den enklaste måten som finst, og så skal du skal gjere litt linjegymnastikk.

Oppgåve

Utstyr:

  • teikneblokk: A4

  • blyantar: 2B og 6B

  1. Teikn rundt handa på papiret.

  2. Bruk linjal og lag ei rute rundt slik at du får ei avgrensing rundt handa.

  3. Teikn organiske linjer. Det vil seie mjuke og uregelmessige strekar. La desse gå over heile ruta, og la dei følge handa. Sjå korleis dette er gjort i biletet over.