Grunnleggande teikneutstyr
Gråblyantar har ein kjerne som er laga av grafitt og leire. Dei finst i ulike hardleiksgradar og har kodar som kan hjelpe oss til å velje rett reiskap. H står for hard og B for blaut. HB har middels hardleik. Jo høgare talet framfor B er, jo mjukare er blyanten. 8B blir rekna som den mjukaste. Han lagar ein tjukk og mørk strek og er fin å bruke til skuggelegging. Harde blyantar lagar tynnare, meir presise strekar.
Teikneblyantane finst i ulike merke. Det kan vere lurt å velje kvalitet, for blyet i nokre billige blyantar kan ha ein tendens til å knekke.
I filmen under (1:39) kan du sjå ulike blyantkvalitetar.
Grafittstift
Grafittstiftar er vanlegvis laga av ei blanding av grafitt og leire. Dei har også ulike hardleiksgradar, frå mjuk til hard. Grafittstiftar gir gode gråtonar. Du kan bruke dei til å lage flater og skape variasjon i teikningane dine.
Grafittkrit
Grafitt i kritform er godt både til å teikne og til å skisse med. Du kan teikne med spissen eller bruke heile lengda på kritet.
Bruk teiknereiskapane til å skape variasjon i gråtonane
I filmen under (3:00) får du demonstrert korleis du kan bruke grafittkritt, grafittstift og teikneblyantar til å skape ulike valørar og variasjon i flatene.
Å teikne med ein forkola trekvist er nok blant dei eldste teikneteknikkane vi har. No produserer vi kolstiftar ved å gløde trekvister ved høg temperatur utan tilgang på oksygen.
Kolstift gir ein mørk strek som er lett å forandre på. Vi bruker gjerne kol til å skisse med, men det er også ein fin reiskap til å skape eigne uttrykk. Kolstift fungerer best på papir som har ei litt ru overflate. Hugs at du må fiksere ei kolteikning for at kolet ikkje skal smitte av.
Knettgummi er eit formbart viskeler som ikkje etterlet restar på papiret. Du kan forme det som ein rull, eller spisse det til for å treffe strekane du vil fjerne frå papiret. Knettgummi er godt å bruke på gråtonar du vil lysne i ei blyant- eller kolteikning. Viskeleret er mjukt som plastilin. Det er derfor skånsamt mot papiret.
Vi lagar papir ved å omarbeide plantefibrar til ein masse som blir pressa og tørka til eit flatt ark. Kvaliteten og strukturen på papiret er avhengig av korleis papiret blir produsert, og kva slags plantefiber som er brukt. Papir kan kjøpast i lause ark, i blokker eller på rull.
Papir har ulike kvalitetar og eigenskapar. Skal du lage ei skisse, held det med billig, tynnare papir. Ei utarbeidd teikning med blyant eller blekk bør du teikne på teiknepapir som er tjukkare og toler meir. Akvarellpapir toler bruk av vatn og tørkar opp utan å ta skade.
Vekt
Tjukna på papiret blir angitt i gram. På pakkar med kopipapir kan du lese at det er "80 gsm" (gsm står for gram per square meter). Det betyr at ein kvadratmeter av dette papiret veg 80 gram.
Papir i ei skissebok som har 160 grams papir, er bra sidan det toler ein del. Då kan du både teikne, tusje og fargelegge med vassmåling. Eksklusivt akvarellpapir er gjerne 300 gram. Det toler mykje bearbeiding og vatn. Dette er kostbart og er vanlegvis meir enn det du treng som elev.
Skissepapir
Skissepapir er eit tynnare papir, utan struktur. Det vil seie at det har glatt overflate. Dette papiret er litt billigare enn teiknepapir og fungerer bra for å jobbe med idear og skisser.
Teiknepapir
Bruk kraftig papir til teikningar du vil jobbe meir inngåande med. Teiknepapir er litt tjukkare og har meir struktur i overflata. Det er meir solid enn skissepapir og eignar seg godt til studium der du skal jobbe med skravering og mørkare flater.
Det finst mange ulike papirtypar. Vel ein som eignar seg til den reiskapen du teiknar med, og etter kva slags effekt du ønsker å oppnå. Skal du til dømes bruke kol eller krit, bør papiret ha ei ru overflate slik at strekane festar seg på papiret.
Akvarellpapir
Akvarellpapir er tjukkare enn teiknepapir. Det er eit papir som kan trekke til seg vatnet i akvarellmålinga. Det beste og dyraste papiret er tjukt og er laga av 100 % bomull. Det blir gjerne brukt av profesjonelle kunstnarar. Det finst rimelegare alternativ som held for dei fleste prosjekt. Desse har ein viss del bomull i tillegg til papirfibrar.
Papiret skal kunne tole å bli fukta og å tørke opp i fleire omgangar. Vi målar gjerne lag på lag med akvarellmåling. Godt papir toler også at vi omarbeider overflata etter vi har påført måling. Du kan fint bruke akvarellpapir til teikning med blyant, tusj eller blandingsmedium.
Spesialpapir
Spesielt papir og kostbart papir kan kjøpast i lause ark. Det er ei løysing viss du vil lage dine eigne små skissebøker med spesialpapir.
Relatert innhald
Gråtonane mellom kvitt og svart blir kalla valørar. Lær korleis du kan bruke valørar til å skape djupneverknad i teikningane dine.