Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Leik med streken

No skal du jobbe med tunge og lette strekar og prøve ut ulike teikneblyantar. Prøv først ei leiken tilnærming, før du jobbar meir systematisk med kva som påverkar streken din.

Kort instruksjonsfilm kjem.

Teikneteknikk

Her skal du slå deg laus og skikkeleg rable på arket. Prøv ut blyantane med ulikt trykk på streken. Slik øver du på å bruke blyanten og finne ut av alle eigenskapane han har. Dette er ei viktig øving og er grunnleggande for arbeidet ditt vidare.

Det kan lønne seg å teikne litt raskt, men prøv deg fram. Tempo på teikninga heng saman med kva du skal gjere. Her kan det lønne seg å halde midt på blyanten og gjerne litt laust.

Utprøving av dei ulike blyantane og grafittstiften

Utstyr

  • Skissepapir: A3-format

  • Blyantar: 2B, 4B og 6B

  • Grafittstift

Del 1: Utforsking

No skal du variere trykket på blyanten i ein og same strek og berre teikne strekar på eit skissepapir. Øv deg på å variere trykket på blyanten. Teikn først raskt med raske rørsler. Hald litt oppe på blyanten med eit laust grep.

Tren på å lage strekar ved å ha eit jamt trykk på blyanten. Studer kva eigenskapar strekane frå dei ulike blyantane har.

Du vil sjå at det oppstår ein tredimensjonal effekt ved å jobbe på denne måten. Etterpå skal du teikne sakte. Då lærer du ekstra godt dei ulike blyantane å kjenne. I tillegg får du det å jobbe med strek "inn i handa".

Krusedullar som er laga med ulike blyantstrekar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 2: Eksperimentering

No skal du jobbe meir systematisk med utprøvinga av teikneblyantane og grafittstiften. Prøv ut kva som skjer med streken når du fokuserer på dei ulike punkta under:

Grep

  • Hald ned mot spissen av reiskapen når du teiknar. Dette er best når du skriv og skal lage fine detaljar.

  • Hald på midten av reiskapen. Då får du lause og ledige strekar som blir lettare å kontrollere over lengre "strekk".

  • Hald oppe på reiskapen. Dette fungerer best for store rørsler på stort ark.

Retninga på streken

  • Prøv å skyve streken frå deg.

  • Etterpå dreg du streken mot deg.

Trykk på streken

  • Korleis skaper du ein tung og fyldig strek?

  • Korleis kan du få til ein lett, tynn strek?

  • Kva skjer om du varierer trykket i ein og same strek?

  • Prøv å lage ein jamn strek ved hjelp av eit jamt trykk.

Tempo

  • Prøv å lage sakte strekar.

  • Etterpå testar du ut raske strekar.

CC BY-SASkrive av Annlaug Auestad og Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist fagleg oppdatert 09.04.2024

Læringsressursar

Teikneteknikkar