Hopp til innhald
Fagartikkel

Digital teikning

Mange kunstnarar bruker digitale teikneverktøy. Det har sine fordelar. Du må likevel ikkje velje mellom digitale og analoge teknikkar. Det beste er å ha god forståing for kva styrkar og avgrensingar dei ulike verktøya har.

Kva er digital teikning?

Digitale teikningar og illustrasjonar blir produserte ved hjelp av digitale verktøy som Photoshop, Illustrator, Procreate, Krita og liknande program eller appar. Resultata av digital teikning kan ha eit uttrykk som er likt det du kan få med analoge teknikkar. Du kan òg oppnå uttrykk som det er vanskeleg å få til med tradisjonelle verktøy.

Ei digital teikning kan skrivast ut på papir, men kan òg visast på skjermar. Det er lett å eksperimentere og å prøve ut ulike versjonar. Du treng ikkje å teikne henne på ny og på ny.

Verktøy for digital teikning

Fleire ulike program og appar er laga for teikning og illustrasjon. Du får god kontroll over streken viss du bruker ein digital penn. Nokre koplar eit teiknebrett til ei datamaskin og bruker ein digital penn til å teikne på brettet, andre bruker den digitale pennen direkte på skjermen, til dømes på eit nettbrett.

I teikneprogramma er det mogleg å stille inn kva verktøy pennen skal ha der og då. Du kan velje at han skal vere blyant, penn, tusj, målepensel og mykje anna. Du vel om linjene han lagar, skal vere tjukke, tynne, gjennomsiktige, om dei skal danne mønster, eller du kan velje ei rekke andre eigenskapar. Verktøya er ofte slik at dei etterliknar det som analoge verktøy kan gjere.

Overføre ei analog teikning til digital versjon

Du kan ta bilete av eller skanne ei analog teikning for å jobbe med motivet digitalt. Du kan då redigere direkte i teikninga eller bruke henne som underlag for å teikne over. Ei digital teikning kan justerast for å bli mørkare eller lysare, du kan fjerne og legge til detaljar, og du kan fargelegge.

Ein vanleg metode er å legge til nye lag over originalteikninga og teikne på desse laga. Det gir uendelege moglegheiter for å eksperimentere med ulike uttrykk utan å øydelegge den originale teikninga. Gjer du feil, kan du alltids bruke angrefunksjonen.

Biletpunkt eller vektorgrafikk

Digitale fotografi består av biletpunkt som står tett i tett i eit rutenett. Det kan samanliknast med perlene på slike perlebrett du kanskje leikte med då du var barn.

Bilete med høg oppløysing har mange biletpunkt. Det gjer det mogleg å vise mange detaljar. Eit bilete med mange biletpunkt vil òg innehalde meir data og dermed gjere datafilene større. Zoom-funksjonen i til dømes Photoshop gjer det mogleg å sjå biletpunkta i fotografiet. Du vil sjå at det er små kvadrat i ulike fargar, viss du forstørrar visninga nok. Eit fotografi vil bli dårlegare og vise biletpunkta tydelegare viss du gjer biletet større.

Illustrator bruker ein annan metode. I staden for å bruke biletpunkt bruker Illustrator vektorgrafikk og matematikk til å teikne linjer, kurver og former. Skal du teikne ein sirkel i vektorgrafikk, må programmet berre vite kvar midten av sirkelen er, og kva radius han har. Om radiusen er ein centimeter eller ein meter, speler inga rolle for kvaliteten på teikninga. Datafila vil heller ikkje bli større.

Vektorisere ei teikning eller eit foto

Ei teikning som er fotografert eller skanna, vil bestå av biletpunkt. Set du denne fila inn i til dømes Illustrator, kan du bruke funksjonar som vektoriserer teikninga.

Det same kan du gjere med eit fotografi. Ved å justere på innstillingar for denne funksjonen, kan du få eit godt resultat som du kan redigere til du har noko du er fornøgd med.