Felles programfag for vg1 kunst, design og arkitektur. Vi utviklar faget slik at det er klart til skulestart 2026.
Dette faget er under utvikling. Vi fyller på med ressursar fortløpande.
Her finn du ei oversikt over korleis faginnhaldet i kunst og visuelle verkemiddel er planlagt, og kva som blir tilgjengeleg i betaversjonen av faget.
Visuell kommunikasjon er formidling av idéar og informasjon ved hjelp av bilete og synsinntrykk.
Skapande prosessar handlar om å undersøke, eksperimentere, utvikle idéar, gjennomføre og dokumentere arbeidsprosessar i kunstfag.
Form handlar om korleis gjenstandar ser ut, og korleis eit motiv blir gjengitt. Her skal du lære å bruke omgrep som kan gi god formforståing.
Korleis vi opplever ein farge, avheng av kva fargar han står saman med. Fargelære hjelper deg å velje fargar som får fram det uttrykket du ønsker.
Alle kan utvikle seg som teiknarar. Vi ser på teikning som uttrykk og verktøy, og du kan lære nokre teknikkar og gjere øvingar som kan hjelpe deg vidare.
I dette emnet startar vi med 15 000 år gamle holemåleri og gir deg ei oversikt over ulike epokar frå oldtida til renessansen.