Skissebok for kreative
Film om skissebok
Sverre Skjold er biletkunstnar, illustratør og lærar i videregåande skule. I filmen under (lengde 5:18) viser han korleis han bruker skisseboka i kvardagen.
Organisering
Ei skissebok er ein god måte å samle skisser, teikningar, utprøvingar, fargepalettar og notat på. Gjer det til ein vane å bruke henne både til øvingar og til større oppgåver. Viss du jobbar på lause ark, kan du lime dei inn i skisseboka i etterkant. På den måten veit du kvar alt er, og du kan enkelt finne tilbake til det du har jobba med.

Utforsking og kreativitet
Å kunne prøve ut både kjende og ukjende vegar til eit mål, gjer den kreative prosessen spennande. Skisseboka er din plass for å utforske teknikkar, uttrykk, fargar og komposisjonar. Her kan du bryte alle reglar utan at det gjer noko. Det er faktisk berre positivt! Gjennom prøving og feiling får du øvd deg, lært noko nytt, og slik kjem du ofte fram til noko meir interessant.
I skisseboka di kan du gi kreativiteten fritt spelerom, anten det er i skuleoppgåver eller i eigne kunstnariske prosjekt du jobbar med. For å utvikle deg og finne det personlege uttrykket ditt, må du tillate deg å leike med ulike idéar og teknikkar. La kreative prosessar få skje utan at du har som mål at dei skal ende opp i eit fantastisk kunstverk.

Utvikling
Det er gøy å sjå gjennom si eiga skissebok! Dess lengre tid det har gått, dess meir interessant er det å sjå tilbake på tidlegare skisser og teikningar. Du vil kanskje oppdage at du har blitt flinkare til å teikne lenger ut i skisseboka enn du var på dei første sidene? Kanskje kan du sjå korleis du har blitt tryggare i å velje fargar eller i å uttrykke deg visuelt gjennom arbeidet i skisseboka? Det er motiverande å sjå at jobben vi legg ned, får oss vidare.

Inspirasjon
Ei skissebok kan brukast som kjelde til inspirasjon til nye arbeid eller til å ta opp igjen eit prosjekt du ikkje blei ferdig med. Ofte kjem det idéar ein vil prøve ut mens ein jobbar med eit anna prosjekt. Noterer du desse ned etter kvart som dei dukkar opp, kan du hente dei fram ved eit seinare høve. Lag gjerne ei eiga inndeling for idéar og inspirasjonsmateriale du tenker at du kan komme tilbake til seinare.

Kommunikasjon
Når vi skal formidle idéar til andre, er det enklare å kunne vise dette i form av ei skisse eller visuelle utprøvingar. Skisseboka kan dermed hjelpe deg til å kommunisere idéar meir presist. Det er enklare for andre å forstå kva du har tenkt, om du kan vise det i tillegg til å forklare det.
Dette er viktig i mange samanhengar. På skulen skal du kommunisere ein idé til læraren eller til ein medelev. Seinare skal du kanskje utarbeide noko til ein oppdragsgivar. Då er det viktig at du kan gjere deg forstått og få fram kva du tenker som ei mogleg løysing på eit oppdrag.
Dokumentasjon
Sjølv om det er lov å la seg inspirere av andre, er det viktig å kunne dokumentere at arbeidet ditt er utvikla av nettopp deg. Det er ofte eit krav i skuleoppgåver at du skal presentere idéutviklinga. Skisseboka kan fungere som dokumentasjon på at det er arbeidet ditt, og ho kan vise korleis du har komme fram til resultatet ditt.
Viss du ikkje vil rive ut sider av skisseboka di, kan du kopiere sidene på kopimaskin, fotografere eller skanne det du treng til dokumentasjonen.
Relatert innhald
Lag eigne, personlege versjonar av komposisjonane i oversikta. Bruk gjerne meir enn eit prinsipp i same rute, men la hovudprinsippet komme tydeleg fram.
Urban Sketchers er ein globalt fellesskap som arrangerer skisse- og teiknesamlingar. Dei har ein felles regel: å vise fram verda, ei teikning om gongen.