KreativitetI kunstnariske prosessar utviklar du kreativiteten din mens du skaper noko. Kreativitet er å eksperimentere seg fram til eit spennande resultat.
FørebuingUtforsk temaet du vil jobbe med, søk etter informasjon og finn inspirasjon og materiale som kan komme til nytte i idéutviklinga di.
EksperimenteringNår du skal eksperimentere og teste ut idéar, bør du prøve nye kombinasjonar. Juster, lag ulike versjonar, og sjå ting frå eit anna perspektiv.
VurderingTa ein pause og vurder kva som fungerer, og kva som kan forbetrast i arbeidet ditt. Refleksjon over eige arbeid bidreg til læring og hjelper deg vidare.
PresentasjonPresentasjon er det å snakke om arbeida sine og å vise dei fram på ein positiv måte.
SkissebokEi skissebok gir deg ein eigen stad for å prøve ut og utvikle idéar. Ho lar deg halde skisser og eksperiment samla på éin plass.