Kreativitet - Kunst og visuelle virkemidler 1 - NDLA

Hopp til innhald

Kreativitet

Skal du lykkast med kunstoppgåver, må du bruke din eigen kreativitet. Det fine med kunstnariske prosessar er at du utviklar kreativiteten din samtidig som du skaper noko. Kreativitet er å ha det gøy og å eksperimentere seg fram til eit spennande resultat. Det er òg å våge å ta sjansar!

Ei smilande lita jente står med ein fot i ei bøtte med måling. Ho held ein pensel i kvar hand og har fargerike målingsflekkar over heile seg. Foto.