Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Urban sketchers

Verda er full av folk som er interesserte i teikning, måling og alle moglege kreative syslar. Det er ikkje alltid så lett å vite kven som deler ei felles interesse. Urban Sketchers er ein global fellesskap som har ein felles regel: å vise fram verda, ei teikning om gongen.

Film om Urban Sketchers

I filmen under (lengde 6:28) møter vi Urban Sketchers Oslo på ei skisse- og teiknesamling i Slottsparken.

Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

Korleis starta Urban Sketchers?

I 2007 laga journalist og illustratør Gabriel Campanario eit forum på nettet der folk frå heile verda kunne dele teikningar frå sin eigen heimstad eller frå ei reise. Året etter inviterte han ei gruppe kunstnarar til å bidra med teikningar og historier på bloggen sin. I 2009 blei Urban Sketchers etablert som ein ikkje-kommersiell organisasjon. Mottoet deira er "See the world, one sketch at a time", dei vil altså vise fram verda, ei teikning om gongen.

Globale og lokale grupper

Jamleg arrangerer Urban Sketchers skisse- og teiknesamlingar ulike stader i verda. Lokale grupper møter òg kvarandre til såkalla meetups. Det vil seie at alle som vil, kan møte opp på ein avtalt stad, og så teiknar dei skissene frå den staden. Det kan godt vere at det skjer noko slikt der du bur. Det går òg an å arrangere dette sjølv.

Kven kan vere med?

Både profesjonelle og amatørar er velkomne til å delta i Urban Sketchers. Det finst eigne grupper på nettet der dei deler teikningar. Ein regel er at dei skal teikne frå observasjon, og ikkje frå eit foto. Det er òg eit poeng at dei teiknar staden dei er på. Dette er ein del av det å teikne verda, slik at andre kan få eit glimt frå ulike stader gjennom teikningane.

Urban Sketchers

• Vi teiknar det vi ser framfor oss, innandørs eller ute, ved direkte observasjon.

• Teikningane våre fortel ei historie om omgivnadene våre, om stadene der vi bur, og om stader vi reiser til.

• Teikningane våre er ein dokumentasjon frå ein stad på eit bestemt tidspunkt.

• Vi er sannferdige i attgivingane av det vi er vitne til.

• Vi bruker alle typar teikne- og målemedium og verdset det personlege uttrykket til den enkelte.

• Vi støttar kvarandre og teiknar saman.

• Vi deler teikningane våre på nettet.

• Vi viser fram verda, ei teikning om gongen.

Kjelde

Urban Sketchers. (u. å.). See the world one sketch at a time. Henta 17. desember 2024 frå https://urbansketchers.org

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 26.11.2025