Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve

Lag di eiga trekkspelbok

Det er lett å lage ei trekkspelbok, som til dømes kan brukast til skisser. Alt du treng, er papir i den kvaliteten du vil ha, verktøy for å kutte papiret og lim som eignar seg for papir. Framgangsmåten er den same anten du vil lage ei bok i miniformat eller ei større bok.

TIl læraren

I denne oppgåva kan elevane øve seg på å jobbe praktisk og nøyaktig med å brette, skjere og lime papir. Du som lærar kan bruke oppgåva til å la elevane jobbe med komposisjon og fargelære. Den ferdige boka kan, som du skal sjå, brukast på ulike måtar.

Førebuingar for deg som lærer

Det kan vere ein fordel å ha laga ei bok på førehand. Då kan ho visast fram for elevane slik at dei ser brettemetoden og storleiken på boka.

Viss de skal bruke bokpapp til permane, vurder om du skal gjere klar dette på førehand. Viss elevane ikkje har erfaring med å bruke kniv og stållinjal, kan det fort bli mykje svinn og krevje meir tid enn du hadde planlagt.

Fire skuletimar er passe for dette prosjektet. Nokre blir fort ferdige, mens andre bruker alle timane. Tenk gjennom kva dei som er ferdige, skal gjere etterpå. Skal dei lage ei bok til eller starte på innhaldet i boka?

Bruk høvet i oppstarten til å setje nokre rammar for bruk av lim, og pass på at elevane beskyttar arbeidsbord og skjerematter. Ein limestasjon i klasserommet kan vere noko å vurdere.

Storleik på ferdig bok og dekor på permane

Storleiken

Eit A1-ark blir til ei bok i A5-storleik, eit A2-ark blir ei bok i A6-format, og eit A3-ark blir A7-format. Teiknepapir er lett å brette, men akvarellark som ikkje er for tjukke, kan òg brukast.

Dekorativt papir på permane

Einsfarga papir kan brukast til permane på boka og kan eventuelt dekorerast når boka er ferdig.

Det er òg mogleg å ha eit forprosjekt der elevane lagar dekorativt papir til bruk på permane. Forprosjektet kan inkludere arbeid med komposisjonsprinsipp og fargelære.

Gjenbruk av gåvepapir eller tekstil kan òg bli fint.

Forslag til bruk av boka

Illustrert omgrepsbok

Fagomgrep frå fargelære, komposisjon og visuelle verkemiddel kan kort definerast ved sida av små illustrasjonar av omgrepa. Elevane kan bruke boka som referansebok for dei fagomgrepa dei skal bruke i faget.

Ei personleg gåvebok

Boka kan bli ei personleg gåve til ein person som betyr noko for eleven. Her kan elevane fylle sidene med små teikningar, sitat og dikt som passar til personen som skal få boka.

Ei illustrert historie

Elevane visualiserer ei forteljing. Dette kan vere ei forteljing med kunsthistorisk tema eller eit tverrfagleg tema.

Ei reisedagbok

Formatet på desse bøkene er perfekt å ta med på reise. Det opp til kvar enkelt elev om dei vil bruke boka som reisedagbok eller noko anna.

Utstilling av dei ferdige bøkene

Bøkene elevane har laga, kan bli til ei fin utstilling.

Utstyr

  • papir til sidene i boka (A3-ark gir sider som er 105 x 74 mm, A2-ark gir sider på 148 x 105 mm.)

  • linjal av metall

  • blyant

  • papirkniv (eller saks)

  • skjerematte

  • trelim (eventuelt limstift)

  • pensel til å jamne ut limet (Ikkje bruk dei beste penslane dine til dette.)

  • bokpapp eller kartong (gjerne gjenbruksemballasje) til bokpermane

  • dekorativt papir eller tekstil i bomull

  • sløyfeband eller sterk hyssing (til å knyte rundt skisseboka)

Brett hjelpelinjer

Start med å brette over arket på midten. Det er ikkje viktig om du begynner med langsida eller kortsida av arket. Ver nøye, og ta deg tid når du brettar. Pass på at hjørna og sida av arket treffer motsett side nøyaktig, før du stryk arket og lagar bretten i midten. No skal du ha ein brett som markerer midten av arket. Opne arket etter brettinga.

Bretten du allereie har, skal du no bruke som hjelpelinje. Brett dei to halvdelane inn mot linja som markerer midten. Ver nøyaktig for kvart steg. Etter at du har gjort dette, skal du ha tre brettar, og arket har fire flater.

No skal du gjere det same for den andre retninga på arket. Viss du begynte med langsida, skal du no brette frå kortsida og omvend. Først skal du brette arket på midten, så dei to halvdelane mot midtlinja.

Viss du har gjort alt rett, skal arket no ha brettar som dannar 16 ruter på arket.

Skjer eller klipp

No skal du legge arket med den eine kortsida mot deg. Du skal skjere eller klippe arket slik at det skal kunne brettast til ei bok. Det er viktig at den første ruta, øvst i venstre hjørne, heng saman med ruta til høgre. Du skal derfor starte med å kutte frå bretten rett under den første rada og langs dei tre rutene nedover.

Lag eit tilsvarande kutt langs den vertikale bretten heilt til høgre. Hugs å starte under den øvste rada med ruter.

Snu arket slik at den andre kortsida er mot deg. Start neste kutt under øvste rad i den midtarste, vertikale bretten, og kutt tre ruter nedover.

Brett det som blir sidene i boka

No skal du brette kvar rute over eller under den ruta dei heng saman med. Brett rutene som eit trekkspel: over, under, over, under.

Når rutene ligg samla i ein bunke i eit hjørne, brettar du heile bunken samla inn under den ruta bunken heng saman med i sida. Same system med bretting held fram. Kvar gong du kjem til enden av ein strimmel, skal heile bunken brettast under den ruta han heng saman med i sida.

Når du har bretta heile arket til endes, har du innhaldet i skisseboka.

Bokpermar med dekorativt papir

For å lage permar til boka treng du kartong eller papp. Du kan lime på dekorativt papir eller tekstil på pappen. Pappen kan til dømes vere gammal emballasje som du gjenbruker. Litt tjukkare papp kan gi god støtte viss du skal teikne utandørs.

Gjer klar papp og papir

Skjer to pappstykke slik at dei blir litt større enn sidene i skisseboka. Dekorativt papir eller tekstil du vil bruke, skal igjen vere minst to centimeter større enn desse pappstykka. Det må vere omtrent ein centimeter ekstra på alle sider. Kutt av hjørna i rett vinkel på det dekorative papiret. Då blir det finare når du brettar kantane rundt pappen.

Lim

Beskytt arbeidsbordet ved å bruke ei gammal avis eller anna papir.

Påfør eit jamt lag med lim på pappen. Konsentrer deg om ein pappbit om gongen. Viss du bruker trelim, bør du stryke det jamt og tynt utover heile den eine sida av pappen. Hugs å jamne ut alle klumpar med lim. Du kan bruke ein restebit av papp til å jamne ut limet. Legg det dekorative papiret med baksida opp. Legg pappen med limsida ned i midten av det dekorative papiret. Trykk pappen godt mot papiret.

Snu så pappen med det pålimde papiret. Gni overflata varsamt for å sikre god kontakt med limet. Jamn ut eventuelle humpar. Har du lagt på eit jamt lag med lim i utgangspunktet, skal det sjå bra ut. La det ligge og tørke litt før du gjer noko meir med denne pappbiten. Bruk same framgangsmåte på pappbit nummer to.

Få fine kantar og hjørne

Når begge pappbitane har fått tørke litt, kan du begynne på kantane. Kutt vekk alle hjørna på det dekorative papiret. Bruk breidda og lengda på pappbiten som mål for kor breie kantane skal vere. Når brettane blir bretta og limde over til den andre sida av pappen, vil dei overlappe kvarandre og skjule kantane på pappen.

Stryk lim på langsidene og på kantane av det dekorative papiret. Brett og skyv desse godt inntil pappen og opp på pappflata. Gjer det same med kortsidene. Viss pappen har litt tjukn, er det ekstra viktig òg å la sidene av pappen få god limkontakt med det dekorative papiret.

Jamn ut hjørna så godt du kan, mens limet enno er fuktig.

Vel om du vil ha eit ekstra lag med papir på baksidene av permane. Du kan lime ei snor eller eit band under dette laget. Det er berre permen som skal vere baksida av skisseboka, som skal ha snor eller band. Bandet kan brukast til å halde skisseboka samla når ho ikkje er i bruk. Det må vere langt nok til å rekke frå bakre perm og til å kunne bli knytt framfor på skisseboka.

Montering av permar

Sjekk at orienteringa av arka er slik du ønsker, før du begynner å lime. Dette er spesielt viktig om du planlegg å lage lommer. Les meir om dette i eit avsnitt lenger ned.

Det er lurt å lage ei sone for liming på arbeidsbordet og halde alt som ikkje må få lim på seg, borte frå denne.

Fordel lim tynt og jamt utover baksida på den eine bokpermen. Legg så den første sida av innmaten til skisseboka midtstilt på denne flata med lim. Pass på at dei andre sidene i boka ikkje får lim på seg. La det tørke litt.

Den andre bokpermen blir limd på same måte, men med den andre enden av boksidene. Pass på at du plasserer denne permen parallelt med den du allereie har montert. Dei skal ligge heilt parallelt, med arka imellom.

La dei nylimde sidene ligge til tørk ei stund utan kontakt med dei andre sidene.

Slik lagar du lommer

Der papirstimlane heng saman, er det mogleg å lage lommer. Du kan finne ulike løysingar for dette, og det finst ingen fasit. Ein måte er å skjere ned ein vinkel på den eine langsida.

Dei to sidene blir limde saman i ytterkantane. Her må du bruke sparsamt med lim. La det tørke fullstendig før du tek lomma i bruk. Du kan til dømes bruke henne til å samle ulike inspirasjonsbilete.

La alt tørke under press

Det er lurt å legge boka flatt og under noko tungt til neste dag. Då får ho tørka skikkeleg, og du unngår at permane bøyer seg i tørkeprosessen. Ein bunke bøker passar godt som vekt.

Oppgåve

Lag ei bok på same måte som artikkelen beskriv. Bruk eit godt teiknepapir som sider i boka. Lag teikningar med eit tema du synest passar, og bruk dei som dekorativt papir på bokpermane.

Skrive av Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 04.09.2024