Lær om komposisjon i eit 360-galleri

Del 1: Reflekter og diskuter
Å komponere betyr å setje saman enkeltdelar til ein heilskap. Tenk over korleis du bruker komposisjon i kvardagen din. Start til dømes med kva klesplagg du vel å kombinere når du kler på deg om morgonen.
Gå saman i grupper på to–tre elevar og diskuter korleis kunnskap om komposisjon kan hjelpe dykk når de skal skape visuelle uttrykk.
Del 2: Utforsk
No skal du lære om komposisjonsprinsipp og konsentrere deg om romma i den nedste etasjen i 360-biletgalleriet. Start med å sjå instruksjonsfilmen under (lengde 1:51).
Instruks
Gjennomfør ei gallerivandring i første etasje, og lær ved å lytte til informasjonen ved dei ulike bileta.
Klikk deg inn på kvart enkelt bilete. Bruk hovudtelefonar eller øyreproppar og lytt til beskrivinga mens du studerer biletet nærare.
Notar viktige komposisjonsprinsipp ut frå kva du ser, les eller høyrer i galleriet. Del gjerne inn notata ut frå namna på romma du besøker i galleriet. (Du finn ei oversikt i boksen under.)
Del 3: Visualiser fem komposisjonsprinsipp
Sjå gjennom notata dine. Vel ut minst fem setningar av det du har skrive i løpet av gallerivisninga, som du vil hugse på og ta med deg i eige skapande arbeid. Visualiser desse prinsippa i skisseboka di.
Del 4: Studer komposisjonsprinsipp i andre sine bilete
Ta utgangspunkt i notata dine frå gallerivisninga og finn tre eller fleire bilete på nettet, i bøker eller i magasin. Vel bilete som har brukt ulike komposisjonsprinsipp. Samarbeid gjerne med medelevar.
Vis nokre av bileta for klassen, og forklar korleis komposisjonsprinsippa er brukte. Bruk fagorda du har lært gjennom gallerivandringa.