Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Oppgåve
Interaktivt innhald

Komposisjon til inspirasjon

Du kan bruke utvalde komposisjonsprinsipp som inspirasjon i eigne arbeid. I denne oppgåva skal du starte med å utforske fire komposisjonsprinsipp ved å fotografere. I neste omgang skal bileta dine og verk frå kjende kunstnarar vere utgangspunkt for eit eige arbeid i valfri teknikk.

Del 1: Fire viktige prinsipp for komposisjon

Kontrast

Kontrast er når to eller fleire element er tydeleg ulike frå kvarandre. Ofte er elementa motsetningar til kvarandre. Døme på kontrastar er:

  • stor–liten

  • mørk–lys

  • kald–varm

  • mange–få

  • organisk–geometrisk

Kontrastar blir òg brukte som konsept, altså idéar, i kunstverk. Døme på dette kan vere:

  • eld–is

  • natt–dag

  • fattig–rik

  • frodig–karrig

  • rørsle–stillstand

Kontrastar blir brukte for å framheve kvarandre. Noko varmt verkar varmare viss det står saman med noko kaldt. Noko lyst verkar lysare viss det er omgitt av mørke.

Rørsle

Rørsle kan oppstå sjølv i eit stillbilete. Linjer og perspektiv kan til dømes leie blikket vårt i bestemde banar. Bølgande linjer vil bli opplevd som rørsle. Kva retning elementa i biletet har, påverkar korleis vi opplever rørsla.

Balanse

Balanse i eit bilete kan skape ro og harmoni. Symmetrisk balanse er når begge sider av ein midtakse er like. Eit bilete som har eit eple på venstre side og eit likt eple på høgre side, har symmetrisk balanse. Blir det eine eplet bytt ut med ein kopp som har nokolunde same storleik som eplet, får vi asymmetrisk balanse. Viss eplet og koppen har same visuelle tyngde, har du balansert dei visuelle elementa, men dei er ikkje heilt like.

Einskap

Einskap blir skapt når noko bind biletet saman til eit heile. Det kan vere ei lik form eller ein felles farge. Opplevinga av einskap blir forsterka ved at elementa er sette saman i ei gruppering.

Del 2: Prøv sjølv

Del 3: Fotojakt og bruk av komposisjonsprinsippa

No skal du sjølv ut på fotojakt. Oppdraget er å sjå etter motiv som kan vere gode døme på kvart av dei fire prinsippa: kontrast, rørsle, balanse og einskap. Ta mange bilete som kan illustrere kvart prinsipp. Det er betre med for mange bilete enn for få. Då har du mange å velje mellom, når du seinare skal plukke ut dei du vil ta med vidare i prosjektet.

Del 4: Visning av resultatet av fotograferinga

Vel fire fotografi frå fotojakta di. Eitt foto for kvart prinsipp. La desse bli ditt bidrag til ei felles fotovisning i klasserommet. Organiser gjerne bileta slik at dei er sorterte under det prinsippet dei skal illustrere.

Del 5: Komposisjonsprinsippa i kunstverk

Dei same komposisjonsprinsippa finn du igjen i kunstverk frå alle tider. Ein kunstnar har noko å formidle, og komposisjonsprinsippa blir brukte for å få det fram. Sjå om du kan "avsløre" knepa som er brukte i desse kjende verka:

Del 6: På jakt etter kunstverk

No er det din tur til å dra på skattejakt i kunstverda. Du skal finne minst fire kunstverk som kan vise bruk av kvart av dei fire komposisjonsprinsippa. Det er ein fordel om du finn fleire kunstverk. Legg merke til kva verk som påverkar deg på ein eller annan måte. Lag ei samling med dei bileta du finn. Leit etter noko som engasjerer deg, og som du vil bruke som inspirasjon til vidare arbeid.

Ein god start er eit besøk på Google Arts & Culture.

Del 7: Lag oversiktsark

Sett saman eit dokument som gir ei oversikt over :

  • favorittane dine blant fotografia du tok under fotojakta

  • kunstverka du har valt å ta med vidare

  • notat og refleksjon om kva det er med desse som er interessante for deg

Del 8: Bruk inspirasjonen i eige kunstverk

Oppgåve

No skal du lage ditt eige kunstverk med utgangspunkt i det du har lært om komposisjonsprinsippa kontrast, balanse, rørsle og einskap. Arbeidet ditt skal dokumenterast i eit prosesshefte. Dokumentasjonen blir eit verdifullt tillegg til kunstverket ditt. Han viser at resultatet er kunstverket ditt, sjølv om du har blitt inspirert av andre kunstnarar.

Følg desse trinna:

1. Lag eit inspirasjonsark.

2. Lag skisser over idéar, komposisjonar, fargepalettar og teknikkar du vil bruke.

3. Vel ut det vil ta med vidare frå skisseprosessen. Lag målretta utprøvingar.

4. Lag det ferdige kunstverket basert på det du har gjort i dei målretta utprøvingane.

Relatert innhald

Målretta utprøving

Når du har begynt å lande på ein idé du vil jobbe vidare med, er det viktig at prosessen som forsett er relevant og formålstenleg.

Skrive av Elin Drougge og Bjørn-Ole Schjølberg.
Sist oppdatert 28.10.2024