Komposisjon og kreativ oppvarming

Utstyr
valfrie teiknereiskapar
teiknepapir i A3-format
Øving 1: Abstrakte komposisjonar
Denne øvinga gir deg høve til å eksperimentere med fargar og uttrykk.
Bestem deg for ein fargepalett, og finn fram tre til fem teikneverktøy som du vil bruke i øvinga. La desse ligge klare til bruk.
Teikn opp like store ruter på eit teikneark. (I dømet har vi brukt seks ruter.)
Kvart teikneverktøy skal brukast i alle rutene før du får lov til å skifte verktøy, og så bruker du neste verktøy i kvar rute.
Studer resultatet og vurder kva komposisjon du liker best. Bruk gjerne ein søkar for å finne eit utsnitt.
I videoen under (lengde 1:04) får du ein demonstrasjon av øvinga. Det er teikna opp seks ruter på eit ark. I kvar rute blir det brukt blekk påført med heimelaga bambuspenn, fargeblyantar med vasslausleg pigment, raudkrit og til slutt tusjpenn. Legg merke til at kvart verktøy blir brukt i alle rutene før neste verktøy blir teke i bruk.
Øving 2: Fyll arket med fantasikomposisjonar
Teikn opp små ruter og fyll dei med komposisjonar med tilfeldige flater, linjer og former. Bruk fantasien. Kor mange komposisjonar greier du å lage i løpet av eit kvarter?
