Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff
Video

Utsnitt

Har du tenkt på at same motiv kan gi deg mange ulike komposisjonar? Eit utsnitt er kor mykje av motivet du viser, og korleis det er plassert i biletflata. Kva del du vel, har mykje å seie for uttrykket i biletet. La dykk inspirere av ein film, utforsk moglegheitene, og teikn eit utsnitt.

Til læraren

Forslag til felles gjennomgang

Bruk gjerne fotografi som viser korleis utsnittet kan påverke korleis vi opplever eit motiv. Nokre av døma i pdf-fila under vil de kjenne igjen frå filmen.

  • Fotosamling med utsnittsbilete

  • Bruk ein søkar

    Ein søkar kan hjelpe deg å ramme inn motivet. Dette gjer det lettare å vurdere om utsnittet du vel, eignar seg som komposisjon.

    Det beste er å bruke ein søkar av stiv kartong. Du kan lage ein søkar ved å skjere til to L-forma vinklar av kartong. Nokre bruker òg peikefingrane og tomlane til å ramme inn eit motiv.

    Film: Val av utsnitt

    I filmen under (lengde 7:57) møte vi ein lærar og KDA-elevar ved Hersleb videregående skole. Dei jobbar med utsnitt og jaktar på spennande komposisjonar til ei teikneoppgåve. Du kan prøve det same sjølv i oppgåva under.

    Video: Leidar / CC BY-SA 4.0

    Utstyr

    • ein søkar

    • teiknepapir

    • pastellkrit

    Oppgåve

    1. Sjå deg om etter moglege motiv i nærmiljøet. Bruk søkaren for å finne interessante utsnitt. Prøv deg fram med ulike vinklar og avstandar, og ta bilete undervegs.

    2. Vel ut eitt av bileta og lag ei teikning med pastellkrit av akkurat dette utsnittet. Du kan gjerne forenkle motivet. Studer fargane i motivet ditt og vurder om du skal legge inn fleire kontrastar.

    Skrive av Inger Gilje Sporaland og Bjørn-Ole Schjølberg.
    Sist oppdatert 11.06.2026