Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Topunktsperspektiv

Når du skal teikne skråstilte gjenstandar som hus og bygningar, har du ofte bruk for to forsvinningspunkt. Gjennom desse øvingane får du viktig kunnskap om perspektivteikning og korleis du kan skape djupneverknad. Bruk dette til å skape din eigen draumeby.

Oppgåve 1. Teikn prisme i topunktsperspektiv

Utstyr

skisseblokk: A3-format

linjal

blyant: 2B

svart penn

Instruksjonsfilm

I filmen under (lengde 6:22) får du ei grunnleggande innføring i topunktsperspektiv. Vi viser trinn for trinn korleis du kan teikne prisme i ulike høgder. Eit prisme er ein tredimensjonal geometrisk figur. Her har vi brukt firkantar som endeflater.

Video: Katrine Borgenvik v/ Høgskolen på Vestlandet / CC BY-NC-SA 4.0

Del 1: Fugleperspektiv

Ein fugl som flyr, ser verda ovanfrå. Derfor kallar vi dette perspektivet for fugleperspektiv. No skal du teikne eit prisme ved å følge rettleiinga i instruksjonsfilmen over eller ved å følge beskrivinga i punkta under:

  1. Teikn opp ei horisontlinje på arket ditt, og plasser to forsvinningspunkt i kvar sin ende av horisontlinja.

  2. Begynn med å lage ein strek under horisontlinja di.

  3. Når du ser eit prisme frå hjørnet, vil sidene som er parallelle, møtast i same forsvinningspunkt. Trekk hjelpelinjer frå begge endene av streken du har teikna, og opp til begge forsvinningspunkta.

  4. Avgjer kor djupt prismet skal vere ved å setje to vertikale strekar mellom hjelpelinjene som går mot same forsvinningspunkt. Trekk så ei linje frå kvart hjørne og opp til det andre forsvinningspunktet.

  5. Marker linjene i prismet med ein svart penn, og la hjelpelinjene som er teikna med blyant, stå.

Del 2: Froskeperspektiv

Froskeperspektiv er perspektiv sett nedanfrå. Du har då låg augehøgde og ser opp på motivet ditt. Følg same framgangsmåte som i del 1, men no skal du teikne prismet over horisontlinja.

Del 3: Varier ulike perspektiv

Fyll arket med prisme sett frå ulike perspektiv. Sjå korleis du kan gjere dette, i instruksjonsfilmen over.

Oppgåve 2. Øv på topunktsperspektiv i eit bybilete

Utstyr

teikneblokk: A3-format

linjal

teikneblyantar

valfrie reiskapar til å fargelegge med

Instruksjonsfilmar

Filmen under (lengde 16:18) viser korleis du kan teikne hus i topunktsperspektiv. Her bruker vi hjelpelinjer til å teikne inn møne.

Video: Katrine Borgenvik v/ Høgskolen på Vestlandet / CC BY-NC-SA 4.0


I filmen under (lengde 3:23) lærer du å teikne ei trapp i topunktsperspektiv.

Video: Katrine Borgenvik v/ Høgskolen på Vestlandet / CC BY-NC-SA 4.0

Leik med djupneverknadene du kan skape med topunktsperspektiv

Teikn eit gatehjørne du ser for deg i fantasien, og lag din eigen draumeby. Dette kan vere ein framtidsby viss du ønsker det. Bruk topunktsperspektiv til å skape djupne.

  1. Start med å plassere horisontlinja og to forsvinningspunkt.

  2. Konstruer det første huset på gatehjørnet og to vegar som går inn mot forsvinningspunkta.

  3. Bruk fantasien og jobb vidare med bybiletet.

  4. Bruk valfri teknikk til å setje farge på bybiletet ditt. Prøv å la fargebruken forsterke kjensla av djupne.

Relatert innhald

Sirkel i perspektiv

Ein sirkel som er teikna i perspektiv, forandrar form og blir då kalla ellipse. Bruk reglane for perspektivteikning for å teikne sirklar på rett måte.

Teikning av krumme flater

Korleis kan vi få fram at ein gjenstand ser boga ut på eit flatt papir? Øv deg på å teikne krumme flater ved å følgje instruksjonane.

Skrive av Trine Mangernes, David Lamignan Larsen og Inger Gilje Sporaland.
Sist oppdatert 12.11.2024