Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Øv på å teikne ellipsar

Ein sirkel som vi ser frå sida, opplever vi som ein ellipse. No skal du øve på denne forma, slik at du kan teikne koppar, glas og andre runde ting i perspektiv. Legg merke til kantane til ellipsen. Desse skal ha fine, bogne linjer og ikkje vere spisse eller "late".

Utstyr

  • skissepapir: A4-format

  • blyantar: 2B, 4B eller 6B

  • ein gjenstand med rund form, til dømes ein kopp, eit glas eller ein vase

Del 1: Teikn mange sirklar og ellipsar

Sidan ein ellipse er basert på sirkelen, har han verken knekkpunkt eller rette linjer nokon stad.

  1. Start med å teikne mange sirklar. Prøv for kvar gong å la den neste bli meir jamn og rund enn den førre.

  2. Teikn forma meir og meir oval slik at det ser ut som om sirkelen blir klemd saman på midten. Då blir han til ein ellipse.

  3. Fyll skissearket ditt med ellipsar i ulike storleikar. Teikn med mjuke rørsler, og hugs å få gode, bogne kantar.

Filmen under (lengde 1:45) viser korleis du kan studere sirklar i perspektiv og øve på å teikne ellipsar.

Video: Annlaug Auestad / CC BY-SA 4.0

Del 2: Teikn ein gjenstand med rund form

Gjenstanden du skal teikne, kan vere ein kopp, eit glas eller ein vase som er sirkelforma i botnen og toppen.

  1. Plasser gjenstanden framfor deg, og studer han nøye. Korleis ser ellipsen ut? Legg merke til "kantane". Dei er ikkje skarpe, men har ein fin boge. Denne bogen det er viktig å øve på, og det er den du skal konsentrere deg mest om i denne oppgåva.

    Legg merke til at ellipsen er smalare øvst, og at han er noko rundare nedst. Dette har med augehøgda di å gjere. (Det er lettast å observere dette på eit glas der du kan sjå botnen.)

  2. Teikn gjenstanden. Bruk berre konturlinje og la teikninga vere utan skravering.

Relatert innhald

Strek, linjer og kontur

Bli klar over mogelegheitene med ein strek. Du kan variere han med ulikt trykk, tempo og grep på blyanten. Lær òg meir om linjer og konturteikning.

Skrive av Annlaug Auestad.
Sist oppdatert 04.11.2024