Hopp til innhald
Nynorsk
Oppgåve
Video

Horisontlinje og ulike perspektiv

Kva er ei horisontlinje, og korleis blir ho påverka av augehøgda di? I denne oppgåva skal du lære om ulike perspektiv og utforske desse med kamera og teikneblyant.

Animasjon om ulike perspektiv

I filmen under (lengde 1:13) viser vi prinsippet for eittpunktsperspektiv og korleis opplevinga av eit motiv kan endre seg, alt etter augehøgda til betraktaren.

Video: Siren Halvorsen / CC BY-SA 4.0

Del 1: Lær deg fagorda

Horisontlinje

Vi kjenner horisonten som der hav og himmel møtest. Horisontlinja er den usynlege "linja", og ho svarer til augehøgda di. Dersom du står høgt oppe på eit fjell og ser utover havet, så vil horisontlinja bli høgare enn om du sit i sanden på stranda og ser utover.

Normalperspektiv

Normalperspektivet er, som namnet beskriv, i normal høgde, verken høgt eller lågt. Det svarer til augehøgda di.

Fugleperspektiv

Fugleperspektiv er, som namnet gir hint om, at vi ser som fuglen, ovanfrå og ned.

Froskeperspektiv

Froskeperspektiv er perspektiv sett nedanfrå. Då har du låg augehøgde og ser opp på motivet ditt.

Del 2: Utforsk ulike perspektiv

Utstyr

  • mobilkamera

  • skissebok

  • teikneblyantar

No skal du trene på å observere dei ulike perspektiva:

  • Bruk mobil- eller eit anna kamera og ta fleire bilete inne og ute. Eksperimenter med fleire vinklar og la motiva ha:

    • normalperspektiv

    • fugleperspektiv

    • froskeperspektiv

  • Noter kva du observerer i skisseboka di, og lag enkle skisser. Når du gjer det, sit kunnskapen endå betre.

Skrive av Annlaug Auestad .
Sist oppdatert 31.05.2024