Oppgåve
Få fram tekstur med valørar
Få fram tekstur med valørar
Korleis kan du få fram ulike overflater i teikninga di? Bruk valørar og skraveringsteknikk til å teikne ein studie av eit strikkestoff eller eit anna tekstil med tydeleg tekstur.
Dette er ei god øving der du trener på å bruke valørar for å fram illusjonen av lys og skugge. Samtidig får du øve på å teikne tekstur på ein morosam måte. Ta med deg erfaringane frå øvingane om valørar og skravering.
Utstyr
Teiknepapir: A4-format
Blyantar: 2B, 4B, 6B
Tøystykke med tydeleg tekstur
Framgangsmåte
Les om tekstur.
Finn fram eit tekstil der du tydeleg kan sjå teksturen.
På teiknepapiret lagar du først ei rute på cirka 5 cm x 6 cm.
Studer stoffet du skal teikne, og prøv å gjengi det så nøyaktig som mogleg.