Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Frottasje

Prøv ut kva verknader du kan få når du legg eit papir på ulike overflater og skraverer oppå med ein blyant eller eit fargekrit. Teknikken du bruker då, blir kalla frottasje. Finn ulike teksturar og lag avtrykk av dei. Etterpå kan du bruke erfaringane dine til å skape ditt eige uttrykk.
Eit kvinne- og eit mannshovud lener seg inntil kvarandre. Frottasje i raudt og blått. Illustrasjon.

Tekstur

Tekstur er overflateverknaden eller stofflegheita til eit materiale. Vi kan til dømes oppleve overflater som mjuke, glatte, ru eller hårete.

Taktil tekstur er korleis ei overflate kjennest når du tek på henne. Ho har ein tredimensjonal verknad. Når vi gjengir ulike teksturar på eit glatt papir, kallar vi for visuell tekstur.

Seks kuler teikna med ulike overflateverknader. Illustrasjon.

Kva er frottasje?

Du kan skape bilete ved å legge eit papir over ei litt ru og ujamn overflate. Det kan til dømes vere eit tregolv, ein murvegg eller eit blad. Så gnir du på papiret med ein blaut blyant eller eit fargekrit. Resultatet blir at papiret får eit avtrykk av teksturen under. Vi kallar både teknikken og bileta som blir skapte ved hjelp av denne teknikken, for frottasje (eller frottage).

16 kvadrat med ulike visulle teksturar laga med frottasjeteknikk i ulike fargar. Illustrasjon.

Del 1: Øving

Ta med deg skissepapir og nokre blaute blyantar/fargekrit og finn ulike teksturar som du kan lage avtrykk av. Monter ei fin samling på eit A3-teikneark.

Del 2: La deg inspirere

Undersøk korleis kunstnarar har brukt frottasje, og studer verknaden av dei ulike teksturane.

Max Ernst

Max Ernst (1891–1976) eksperimenterte med ulike teknikkar og skapte surrealistiske kunstverk, til dømes:

Den første samlinga av frottasjeteikningane hans blei gitt ut i Histoire naturelle (1926). Her finn du:

Edvard Munch

Munchmuseet laga ei eiga utstilling: "Ikke tegning – ikke trykk. Edvard Munchs frottasjer" i 2012. Desse verka er ein del av Munchs grafiske eksperiment. Vi viser to av frottasjane hans under.

Frottasje av naken kvinne ved ei elvebredd. Illustrasjon.

Stundom arbeidde Munch vidare på frottasjane sine med teikning og akvarell. Eit døme på dette er verket Gamle menn og gutter frå 1905.

Fire gutar står på ei rekke framfor tre eldre menn som sit på ein benk. Illustrasjon.

Del 3: Beskriv uttrykket

Vel ein frottasje du liker. Sitt saman med ein medelev og beskriv kva slags verknad teksturane får for det visuelle uttrykket.

Del 4: Lag din eigen frottasje

  1. Teikn skisser og lag din eigen komposisjon.

  2. Bruk frottasjeteknikk og la ulike overflateverknader skape kontrastar mellom flatene.

  3. Vurder om du vil arbeide meir med motivet ved å teikne eller måle vidare på det.

Ein katt ligg i graset med eit fjell i bakgrunnen. Fjellformasjonen er fylt med visuell tekstur. Illustrasjon.

Del 5: Lag ei utstilling

Samarbeid med klassen din og lag ei utstilling av utprøvingane og frottasjane de har laga.

Kjelder

Max Ernst. (2020, 20. november). I Store norske leksikon. https://snl.no/Max_Ernst

Munchmuseet (2012). Tre utstillinger: Verk fra samlingen, Fornemmelser for snø og Ikke tegning - ikke trykk: Edvard Munchs frottasjer. Hentet 13. desember 2023 fra https://listen.no/event/tre-utstillinger-verk-fra-samlingen-fornemmelser-for-sno-og-ikke-tegning-ikke-trykk-edvard-munchs-frottasjer

Mørstad, E. (2023, 26. oktober). Frottage. I Store norske leksikon. https://snl.no/frottage

CC BY-SASkrive av Inger Gilje Sporaland og Åse Karin Levinsen.
Sist fagleg oppdatert 10.12.2023

Læringsressursar

Tekstur