Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Teikn utsnitt av pels

Korleis kan du få pels til å sjå ekte ut? I denne oppgåva skal du øve deg på gjengi tekstur ved bruk av ulike valørar. Det fine med å teikne frå eit utsnitt er at du "gløymer" kva du teiknar, og blir mest oppteken av det du ser, og ikkje av kva det er.
Eit utsnitt av tigerpels teikna med blyant. Foto.

Utstyr

Teikneblokk: A4-format

Blyant: 4B og 6B

Eit kjæledyr eller foto av pels

Pels som motiv

Kjæledyr

Ein morosam måte å gjere denne oppgåva på er å klippe ut eit vindauge på 5 x 5 cm på eit A4-ark. Plasser ruta oppå hunden eller katten din (når han søv?). Du kan anten teikne direkte, om det går, eller fotografere og teikne etter biletet.

Foto

Fotografer nærbilete av dyr dersom det er mogleg for deg. Du kan lage eit utsnitt når du tek biletet, eller klippe ned biletet til det utsnittet du vil jobbe med, etterpå.

Viss du har eit bilete på papir, kan du lage eit utsnitt på 5 x 5 cm ved å bruke post-it-lappar og plassere dei oppå for å ramme inn det utsnittet du vil teikne (sjå dømet øvst til venstre i biletet over).

Dersom du vil bruke foto frå nett, bør du velje bilete med høg oppløysing. Når du har gjennomført eit biletsøk, vel "Verktøy" og sett "Storleik" til "Store" for å få fram større bilet-filer. Med store bilete er det lettare å zoome inn slik at du får eit godt nærbilete.

Framgangsmåte

  1. Vel eit utsnitt av pelsen du vil teikne.

  2. Skisser opp med lett strek i ruta du skal teikne i. Studer pelsen og prøv å gjengi mønsteret.

  3. Begynn å skravere ved å lage strekar i hårretninga.

  4. Bruk det du har lært om valørar, og prøv å gjengi pelsen så godt som mogleg.

  5. Gå over med ein mjukare blyant og skap kontrast mellom lyse og mørke valørar.

Relatert innhald

Tekstur er overflateverknaden eller stofflegheita til eit materiale. Vi ser på skiljet mellom taktil og visuell tekstur.

Gråtonane mellom kvitt og svart blir kalla valørar. Lær korleis du kan bruke valørar til å skape djupneverknad i teikningane dine.

CC BY-SASkrive av Annlaug Auestad.
Sist fagleg oppdatert 29.08.2024

Læringsressursar

Tekstur