Hopp til innhald

Fagstoff

Assistert befrukting

Det finst mange par som er ufrivillig barnlause, og assistert befrukting er deira einaste moglegheit til å få genetisk eigne barn. Assistert befrukting gir òg moglegheit til gentesting og seleksjon av befrukta egg ved hjelp av preimplantasjonstesting (PGT). Kva tankar gjer du deg om dette?
To vaksenhender held rundt to babyføter. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er assistert befrukting?

Assistert befrukting er ei samlenemning på ulike medisinske metodar som blir brukte for å befrukte eggceller som eit alternativ til unnfanging ved samleie. 10–15 prosent av alle norske par har vanskar med å få barn på vanleg måte, fordi ein av partane ikkje er befruktingsdyktig. Det kan til dømes vere at mannen har dårleg sædkvalitet, eller at kvinna har tette eggleiarar eller problem med eggløysinga. I slike tilfelle kan paret søkje om assistert befrukting.

60–70 prosent av para som gjennomgår assistert befrukting, lykkast med å få barn, men det er ingen garanti. I Noreg omfattar lovverket om assistert befrukting lesbiske og einslege kvinner i tillegg til kvinner i heterofile forhold.

Ulike typar assistert befrukting

Prøverøyrsbefrukting/in vitro-fertilisering (IVF)
in vitro-fertilisering betyr at befruktinga ikkje skjer i kroppen til kvinna, men på eit laboratorium. Ved vanleg prøverøyrsbefrukting tilset ein fleire tusen sædceller i ei petriskål som allereie inneheld modne eggceller.
In vitro-fertilisering med mikroinjeksjon (ICIS)
ei sædcelle blir sett inn i ei eggcelle ved hjelp av ei tynn nål. Dette skjer under mikroskop.
Inseminasjon
ein assisterer innføringa av sædceller i livmora til kvinna.
Egg- og sæddonasjon
så langt det lèt seg gjere, bruker ein egg- og sædceller frå mora og faren til det komande barnet. Viss dette ikkje er mogleg, kan ein bruke egg- eller sædceller frå ein donor.

Gentesting av befrukta egg

Assistert befrukting kan òg nyttast viss familien til mor eller far har ein alvorleg arveleg sjukdom som dei ikkje ønskjer å føre vidare. I slike tilfelle er det mogleg å ta ein gentest av eit befrukta egg før det blir sett inn i livmora. Denne typen gentest kallar vi preimplantasjonstesting (PGT).

Med ei tynn nål injiserer ein ei sædcelle i ei eggcelle. Både nåla og cellene er fotograferte gjennom mikroskop. Foto.

Hormonbehandling av den blivande mora gir fleire modne egg på ein gong. Dette aukar sjansane for at eitt av egga ikkje inneheld det arvelege sjukdomsgenet. Ved å genteste fleire befrukta egg kan ein så velje ut det befrukta egget som er fri for sjukdomsgenet, utan at arvestoffet er endra. Det er dette egget som blir sett inn i livmora til kvinna. PGT blir ikkje utført i Noreg, men i spesielle tilfelle får norske par tilbod om PGT i utlandet i samarbeid med norske sjukehus.

Kvinne peiker på skjerm som viser befrukta eggcelle. Foto.

PGT krev at kvinna gjennomgår ei hormonbehandling og eit lite kirurgisk inngrep for å hente ut egg, noko som inneber ei viss belastning. Dette er likevel mykje mindre belastande for kvinna enn å starte på eit svangerskap og så ta abort når fosteret har fått påvist ein sjukdom.

Val og moglegheiter

Ved bruk av PGT har vi i teorien moglegheit til å velje dei eigenskapane vi ønskjer at barnet vårt skal få. Vi kan nemleg teste fleire befrukta egg for dei gena vi er interesserte i, og basert på dette velje ut dei befrukta egga som har dei gena vi liker best. Moglegheita til å velje gen på eit ufødd barn opnar for mange diskusjonar om vanskelege spørsmål. For kvar skal grensene gå?

PGT er ein veleigna metode for å teste eitt eller to sjukdomsgen eller område på kromosoma som vi ikkje ønskjer at barnet skal arve. Viss det derimot er mange eigenskapar vi ønskjer å kontrollere, trengst det svært mange befrukta eggceller for at vi med rimeleg sannsyn skal finne ei eggcelle med dei eigenskapane vi ønskjer. Per i dag finst det ingen metode for å hauste så mange eggceller frå kvinna. PGT blir derfor berre brukt når det er snakk om ein alvorleg arveleg sjukdom som ein ikkje ønskjer å føre vidare.

Nedfrysing av egg

Biologisk materiale kan frysast ned og takast vare på utan at materialet blir skada. Det gjeld òg sædceller og eggceller, som seinare kan tinast opp og befruktast. Dette kan ein gjere med overtalige eggceller etter assistert befrukting, med befrukta eggceller etter gjennomført PGT, for kvinner som har ein sjukdom som gjer dei infertile, eller for heilt friske personar.

Fleire frosne eggprøver blir tekne opp frå ein tank med flytande nitrogen. Foto.

Kvinner er mest fruktbare i starten av 20-åra. I dag ventar fleire med å få barn, gjerne fordi dei tek høgare utdanning eller ønskjer stabil økonomi før dei får barn. Dette gjer at fruktbarheita hos kvinna blir redusert. Friske personar kan no fryse ned egg i ung fruktbar alder og hente dei fram når dei er klare for å få barn. Men er dette eigentleg ein fordel?

Treforeldrebarn

Mitokondriar blir ofte kalla energifabrikkane i cellene. Dei gjer nemleg energien i maten vi et, om til energi som kan brukast i cellene. Feil i mitokondriane kan føre til svært alvorlege sjukdommar, sidan dei rammar organ som krev mykje energi, til dømes hjarte, muskulatur og nervesystem. Det spesielle med mitokondriane er at vi berre arvar dei frå mor.

Ved bruk av assistert befrukting kan vi unngå overføring av arvelege mitokondriesjukdommar ved å bruke ein donor med friske mitokondriar. Då fjernar ein cellekjernen i donoreggcella og erstattar han med ein cellekjerne frå mor som tidlegare har blitt befrukta med sædceller frå far. Ein får då eit barn som er sett saman av tre ulike celler: eggcelle med mitokondriar frå donor, cellekjerne frå mor og sædcelle frå far. Fordi mitokondriane inneheld ein liten del DNA, vil barnet som blir fødd, ha DNA frå tre ulike personar og blir derfor kalla eit treforeldrebarn. Dette er førebels ikkje lov i Noreg.

Donor av eggcelle med friske mitokondriar der cellekjernen blir teken ut, er markert med raudt. Mor med eggcelle med sjuke mitokondriar er markert med blått. Far med sædcelle er markert med grått. Resultatet blir ei donert eggcelle med friske raude mitokondriar som blir tilført ein blå befrukta cellekjerne frå mor. Illustrasjon av mitokondriedonasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva seier lovverket?

Noreg var det første landet i verda som fekk ei lov om kunstig befrukting, og assistert befrukting blei tillate allereie i 1987. Då bioteknologilova kom i 1994, blei assistert befrukting ein viktig del av dette lovverket, og slik er det framleis. Heile bioteknologilova finn du hos Lovdata. Føresegnene om assistert befrukting står i kapittel 2.

Kjelder

Regjeringa. (2020, 1. juli). Endringer i bioteknologiloven fra 1. juli. https://www.regjeringen.no/no/aktuelt/endringer-i-bioteknologiloven-fra-1.-juli/id2721705/

Bioteknologirådet (2023). Assistert befruktning og IVF. Henta 12. mars 2024 fra https://www.bioteknologiradet.no/temaer/assistert-befruktning/

Bioteknologirådet. (2023). Gentesting av befruktede egg (PGD/PGT). Henta 12. mars 2024 fra https://www.bioteknologiradet.no/temaer/gentesting-av-befruktede-egg-pgd/

Relatert innhald

CRISPR og preimplantasjonsdiagnostikk gir moglegheiter for å velje gen for eit ufødd barn. Er dette vegen vi ønskjer å gå?

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 11.03.2024

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis