Hopp til innhald

Fagstoff

Kloning – genetiske kopiar

Kloning vil seie å lage genetiske kopiar av heile organismar, celler eller arvestoff. Kloning kan brukast til å produsere mat, til medisinsk forsking og behandling, og som verktøy i arbeid med DNA.
Bilete av ein hane mot ein spegel. Dette skaper ein illusjon av to hanar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Naturleg kloning

For mange er kloning eit negativt ladd omgrep som blir forbunde med å lage menneskekopiar på eit laboratorium. Men faktum er at kloning er ein metode som kan brukast til mykje, og som er ein naturleg del av reproduksjonssyklusen hos mange artar. Her er nokre døme:

  • Vasslopper blir fødde ved at hoene lagar kopiar av seg sjølv gjennom heile sommaren.
  • Fleire plantar formeirar seg ved ukjønna formeiring og lagar nye individ med identisk arvestoff. Døme på slike plantar er jordbær og poteter.
  • Einegga tvillingar er eit døme på kloning som skjer naturleg ved at ei befrukta eggcelle deler seg og blir til to individ med identisk arvestoff.

Kloning i laboratoriet

Kvitt lam på svart bakgrunn. Foto.

På midten av 1900-talet begynte forskarar å undersøkje moglegheitene for å klone organismar i håp om at det ville kome til nytte i framtida. Kloning er i dag eit nyttig verktøy for bioteknologar som forskar på nye medisinar og behandlingsformer, og som jobbar med DNA. Det finst ulike metodar for kunstig kloning: reproduktiv kloning, terapeutisk kloning og molekylær kloning.

  1. Reproduktiv kloning

    Reproduktiv kloning vil seie å lage genetisk like organismar. I 1996 klarte forskarar i Skottland etter mange forsøk å klone ein vaksen sau. Dolly var det første pattedyret som var ein klon (genetisk «kopi») av den biologiske mora si. Reproduktiv kloning kan gjerast ved kjerneoverføring eller embryosplitting.

    Illustrasjon av reproduktiv kloning. Cellekjernen i ei ubefrukta eggcelle blir teken ut og erstatta med ein cellekjerne som inneheld ønskt DNA. Den samansette cella blir stimulert til celledeling og utviklar seg til eit embryo. Illustrasjon.


    Kjerneoverføring: Dolly blei klona ved bruk av kjerneoverføring. Det inneber at ein fjernar cellekjernen i ei ubefrukta eggcelle og erstattar han med cellekjernen i ei vanleg kroppscelle frå det individet som skal klonast. Dersom embryoet utviklar seg som ved ei normal befruktning, blir det deretter sett inn i livmora til ei surrogatmor. Viss prosessen blir vellykka, vil det etter kvart bli fødd ein genetisk «kopi», altså ein klon, av det individet som cellekjernen opphavleg høyrde til. Etter Dolly har fleire organismar, mellom anna mus, ku, gris, katt og ape, blitt klona med same metode.

    Bilete teke gjennom mikroskop av eit embryo på 8-cellestadiet. Foto.

    Embryosplitting: Reproduktiv kloning kan òg gå føre seg ved at ein splittar eit embryo på 8-cellestadiet. Kvar av cellene kan då gi opphav til eit nytt individ, og alle individa vil bli identiske fleirlingar.

    Slik embryosplitting blir brukt i avl når ein har kryssa dyr med spesielt gunstige gen, ved formeiring av utryddingstrua artar eller når ein ønskjer identiske forsøksdyr. Embryosplitting skjer naturleg når det blir danna einegga tvillingar, trillingar og så vidare.

  2. Terapeutisk kloning

    Pluripotente stamceller hentet fra en blastocyst som dyrkes i en petriskål og utvikles til ulike celletyper: blodceller, hjertemuskelceller og nerveceller. Illustrasjon.

    Terapeutisk kloning inneber å lage genetisk like celler. Målet med terapeutisk kloning er å bruke cellene til medisinsk behandling. På same måte som ved reproduktiv kloning fjernar ein cellekjernen i ei ubefrukta eggcelle og erstattar han med cellekjernen i cella vi ønskjer å klone. Embryoet blir ikkje sett inn i ei livmor. Det blir i staden vidareutvikla på laboratoriet til ein som kan brukast som kjelde til . På denne måten kan vi produsere nye celler som er klonar av pasienten sine eigne celler, og som dermed inneheld pasienten sitt eige arvestoff.

    Forskarane trur no at pluripotente stamceller vil bli viktige for framtidig behandling av Parkinsons sjukdom, Alzheimers sjukdom, hjarteinfarkt, slag, diabetes, revmatisme og fleire andre sjukdommar, og at dei kan brukast for å lage vev og organ som består av pasienten sine eigne celler. Dette gir store fordelar ved transplantasjon, der det ofte er eit problem at kroppen støyter frå seg nye organ.

  3. Molekylær kloning

    Når vi produserer mange identiske kopiar av eit gen, kallar vi det molekylær kloning. PCR (polymerase chain reaction) og masseproduksjon av eit gen (proteinet dette genet kodar for) ved dyrking av mikroorganismar er begge metodar for molekylær kloning.

Kva med kloning av menneske?

Sjølv om det er gjort store teknologiske framsteg innan bioteknologi – frå Dolly i 1996 til kloning av apar i 2018 – er det framleis teknisk vanskeleg å klone menneske.

Viss dette etter kvart blir lettare, vil det likevel aldri bli mogleg å lage identiske personar. Det er nemleg ikkje berre gena som styrer korleis vi utviklar oss. Vi veit i dag at miljøpåverknad har mykje å seie for kva gen som er aktive, korleis vi utviklar oss, kva eigenskapar vi har, og korleis personlegdommen vår er. Vidare utfordrar det å klone menneske det unike ved individet og den genetiske variasjonen som er grunnleggjande for evolusjon. Det blir derfor sett på som etisk uakseptabelt over heile verda.

Korleis trur du det ville vere å vekse opp og vite at du var ein kopi av eit anna menneske?

Relatert innhald

Genteknologi inneber at vi undersøkjer eller endrar på arvestoffet til ein organisme. Her får du ei oversikt over grunnleggjande verktøy i arbeid med DNA.

Kjelde

Bioteknologirådet (2020, desember). Kloning. Henta 20. januar 2021 frå https://www.bioteknologiradet.no/temaer/kloning/

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 20.01.2021

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis