Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Medisinsk bruk av bioteknologi

Desse oppgåvene krev at du hentar inn opplysningar og jobbar med stoffet. I arbeid med bioteknologi dukkar det opp mange vanskelege spørsmål. Reflekter over dei, og gjer deg opp ei meining.
Einegga tvillingar med tåteflaske. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Del 1. Kortsvarsoppgåver

  1. Gi døme på medisinsk bruk av bioteknologi.
  2. Forklar korleis CRISPR kan brukast i behandling av sjukdom.
  3. Kvifor blir ikkje stamceller brukte meir til medisinsk behandling enn det som blir gjort i dag?
  4. Korleis kan kloning brukast til å gi menneske betre helse?
  5. Kva er assistert befruktning?
  6. Kva er genterapi? Forklar korleis genterapi blir brukt i medisinsk behandling.
  7. Forklar moglegheitene som finst ved bruk av preimplantasjonsdiagnostikk (PGD).
  8. Gentestar blir brukte både til personidentifisering og til å stille diagnosar. Skriv ned moglege fordelar og ulemper som du meiner at desse metodane gir oss.
  9. Forklar korleis eit barn kan ha tre foreldre.
  10. Du kjenner kanskje til nokon som har fått medisinsk behandling ved bruk av bioteknologi? Forklar korleis bioteknologi blei brukt i denne samanhengen.

Del 2. Refleksjonsoppgåver

  1. Nokon meiner at eit foster får høgare grad av menneskeverd etter kvart som det utviklar seg. Dei meiner til dømes at eit embryo på 16-cellestadiet har meir menneskeverd enn eit befrukta egg, og at eit foster i tolvte veke har meir menneskeverd enn eit embryo. Korleis ser du på ei slik rangering av menneskeliv?
  2. Ved assistert befruktning blir det som regel laga fleire befrukta egg enn paret treng. Dei beste av desse blir frosne, mens resten blir kasta. Synest du at dei resterande egga bør kunne brukast til forsking? Grunngi svaret ditt.
  3. I dag er sæd- og eggdonasjon i Noreg anonymt. Dette gjer at barn som bli fødde ved hjelp av slike donorar, ikkje får vite kven som er dei biologiske foreldra deira. Kva tankar gjer du deg om dette?
  4. Kan det å vite at du har høg risiko for å få ein sjukdom, føre til at du får dårlegare livskvalitet? Kva meiner du?
  5. Det er enklare å redigere feil i embryo og befrukta egg enn å redigere arvestoff hos barn og vaksne. Men når vi redigerer gen på eit så tidleg stadium, vil vi ikkje berre redigere dette eine embryoet. Alle endringar som blir gjorde, vil faktisk gå i arv til komande generasjonar. Kva synest du om at vi har moglegheita til å gjere slike endringar? Korleis kan det påverke framtida?
  6. Genfeilen som gir Duchennes muskeldystrofi, ein sjukdom som fører til gradvis tap av muskelfunksjon, har blitt korrigert ved bruk av CRISPR i museembryo. Skal vi tillate slik behandling på menneske? Kva meiner du?
  7. Informasjonen du kan få ved å ta ein gentest, blir rekna som sensitive personopplysningar. Tenk om opplysningar frå gentestar skulle kome i hendene på forsikringsselskap eller arbeidsgivarar. Forklar kva konsekvensar dette kunne ha fått for deg. Kva tankar gjer du deg om denne risikoen?

Del 3. Fordjupingsoppgåve

Tenk ut ei ny behandlingsform der du utnyttar bioteknologi for å gi folk betre helse.

  • Kva sjukdom ville du utvikla behandling for?
  • Kva bioteknologiske metodar meiner du det ville vore føremålstenleg å bruke?
  • Vil det vere etiske utfordringar?
  • Argumenter for utvikling av nettopp denne behandlinga.

Relatert innhald

Genredigering med CRISPR-metoden gjer det mogleg å gjere målretta endringar i DNA-et til alle levande organismar.

CC BY-NC-SASkrive av Kristin Bøhle, Camilla Øvstebø og Snöball Film.
Sist fagleg oppdatert 22.01.2021

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis