Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast om ny bruk av DNA i politietterforsking

Bioteknologirådet lagar podkasten Biotekpodden. Episoden «Ny bruk av DNA i politietterforskning» tek for seg saka om The Golden State Killer og moglegheitene for utvida bruk av genteknologi innan rettsgenetikk.
Politietterforskar i vernedrakt på avsperra åstad i gate. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Diskuter

  • Private slektskapstestar er populære, også her i Noreg. Synest du – etter å ha lese historia om The Golden State Killer – at også norsk politi bør ta i bruk denne nye teknologien i politietterforsking?
  • Kva trur du norsk politi meiner om nytten av denne nye teknologien?
  • Kva trur du er årsaka til at dette ikkje er lov i Noreg?

Høyr på podkasten

Podkasten Biotekpodden: Ny bruk av DNA i politietterforskning

0:00
-0:00

Spørsmål til podkasten

  1. Kva er ein DNA-analyse, og korleis blir han brukt av politiet i dag?
  2. Forklar kva ein meiner med DNA-profil.
  3. Kan DNA åleine oppklåre ei kriminalsak?
  4. Kva er eit politiregister?
  5. Kva er forskjellen på ein DNA-profil og ein gentest?
  6. Forklar korleis søk mot kommersielle slektskapsdatabasar kan brukast i politietterforsking.
  7. Kva meiner norsk politi om nytten av denne teknologien? Ønskjer dei å ta han i bruk?
  8. Korleis kan analyse av DNA brukast til å lage fantomteikningar? Kva informasjon kan dette gi?
  9. Korleis kan denne teknologien føre til meir nøytrale vitne?
CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 27.10.2020

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis