Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Bli kjend med bioteknologilova frå 2020

I mai 2020 fekk Noreg ei ny bioteknologilov. Kva står det i denne lova, og korleis påverkar ho deg og meg? Bioteknologirådet lagar podkasten Biotekpodden, og i episoden "Ny bioteknologilov" er det nettopp dette temaet som blir teke opp.
Raud bok med Norges lover. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lytt til podkasten Biotekpodden

Podkasten Biotekpodden: Ny bioteknologilov

0:00
-0:00

Spørsmål til podkasten

  1. Når fekk Noreg si første bioteknologilov?
  2. Kva seier bioteknologilova om gentesting av eigne barn?
  3. Kva er mitokondriedonasjon? Kvifor er dette kontroversielt, og er det lov i Noreg?
  4. Kvifor har det vore utfordrande å definere innhaldet i bioteknologilova? Kven vedtek ei slik lov?
  5. Kva er eggdonasjon? Kvifor er det ulike lover om eggdonasjon og sæddonasjon?
  6. Kva er fosterdiagnostikk? Kva seier lova om dette?
  7. Kva er ein NIPT-test? Kva moglegheiter ligg i denne testen?
  8. Finn ut kva embryo- og dobbeldonasjon er, og forklar kva dei to ulike donasjonstypane inneber.
  9. Korleis skil den norske bioteknologilova seg frå lovgiving om bioteknologi i andre land?

Diskuter

  1. Bioteknologilova har no opna for at lesbiske og einslege kan få barn ved hjelp av assistert befruktning. Kva meiner de om dette? Kva med homofile menn?
  2. Kva meiner de om at kvinner har moglegheit til å fryse ned egg? Synest de dette er eit godt tiltak for auka likestilling mellom kvinner og menn?
  3. Kva konsekvensar kan det få at vi tek i bruk teknologi som tidlegare berre har vore testa på dyr, til diagnostisk behandling av menneske? Er dette greitt?
  4. Kvifor er det så mykje debatt om genredigering av embryo? Korleis kan dette påverke synet på menneske i framtida?
  5. Kva betydning har utviklinga av bioteknologi for deg og meg?

Vidare arbeid med bioteknologilova

Lovdatalogo. Illustrasjon med tekst.

Set dykk inn i bioteknologilova ved hjelp av Lovdata. Del dykk inn i grupper. Kvar gruppe skal velje eit kapittel frå lova som de synest verkar spesielt interessant. Set dykk godt inn i temaet. Er de samde i det som står lova?

Oppdrag

Tenk dykk at de skal gi råd til regjeringa når dei skal vedta ei ny bioteknologilov. Kva lovendringar ville de ha foreslått?

Presenter følgjande for dei andre i klassen: kva dagens lov seier om temaet de har valt, og kva det nye forslaget dykkar går ut på. Har dei andre i klassen same syn på temaet som dykk?

Når alle gruppene har lagt fram temaa og lovforslaga sine, held de ei avstemming i klassen. Ta utgangspunkt i klassen sine kunnskapar om og refleksjonar over medisinsk bruk av bioteknologi: Kva råd og eventuelle lovendringar ville klassen ha foreslått for regjeringa?

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 08.12.2020

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis