Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Isolering av DNA frå fiskemjølke

I dette forsøket bruker vi materiale med ekstra stort DNA-innhald – mjølke frå fisk. Prinsippet for øvinga er å skilje oppløyst DNA frå protein og feitt, som utgjer dei andre hovudkomponentane av organisk materiale i mjølka.

Metode

Reagensrøyr med tre sjikt: DNA løyst i saltvatn øvst, protein i midten, og feittstoff løyst i kloroform nedst. Illustrasjon.

Proteina blir felte og denaturert ved utsalting og varmebehandling, mens fettstoffa blir løyste i kloroform. Etter sentrifugeringa får vi så ein klar vasshaldig løysning, som i tillegg til salt også inneheld det løyste DNA-et.

DNA-et blir så felt ut i absolutt alkohol. Vi kan også bruke raudsprit. Vi bør ha tynne, høge reagensrøyr med sprit, slik at DNA-dropane får ein lang veg å «falle» ned gjennom røyret. Dette gjer at vi tydeleg ser den trådaktige utfellinga.

Fleire lag kan samarbeide om ein stamløysning (til og med punkt 5). Det er viktig å arbeide godt med mjølka for at resultatet skal bli best mogleg.

Fiskemjølke

Ein ørret blir klemt på buken slik at moden mjølke (sædvæske) renn ut. Foto.

Fiskemjølke kan du samle sjølv frå fisk som du fangar i den perioden då mjølka er moden og flytande, eller du kan kjøpe hos utstyrsleverandørar. Mjølka kan gjerne oppbevarast frossen og held seg i fleire år.

Utstyr og løysningar
  • 2 ml eingongsprøyte utan kanyle
  • lite begerglas (50 ml)
  • reagensrøyr (høgt)
  • glas-stav
  • sentrifugerøyr
  • mjølke (kan til dømes kjøpast frå www.biokonsult.no)
  • 10 % Zalo, metta NaCl-løysning
  • kloroform (triklormetan) Datatryggleiksblad frå ThermoFisher Scientific
  • absolutt alkohol
  • kokande vassbad
  • sentrifuge
  • hanskar
  • avtrekksskap eller punktavsug

Framgangsmåte

  1. Fyll 0,5–1 ml mjølke i ei 2 ml sprøyte utan kanyle. Unngå å ta med hinner frå mjølkeposen.
  2. Press mjølka gjennom sprøyta 3–4 gonger for å homogenisere væska.
  3. Tilset 10 ml vatn og bland mjølka godt.
  4. Tilset 1 ml 10 % Zalo. Spermiane løyser seg no opp, og du får ein gelé av DNA og protein.
  5. Tilset 20 ml metta NaCl-løysning og bland godt.
  6. Ta ut 5 ml av denne løysningen og sett han i kokande vassbad i 5–10 minutt.
  7. Løysningen blir kjølt og tilsett 5 ml kloroform. Rist godt i 2–3 minutt. Bruk tett topp og/eller hanskar. Bruk avtrekksskap eller punktavsug når du jobbar med kloroform.
  8. Sentrifuger i 10 minutt.
  9. Legg forsiktig ein drope av DNA-løysningen i overflata på eit høgt reagensrøyr med alkohol. DNA-et blir felt ut som fibrar.
  10. Tvinn DNA-fibrane opp på ein glas-stav.
DNA klumpa saman i ein liten pellet. Foto.

OBS: Ikkje kast kloroformen i vasken etterpå. Følg læraren sine instruksjonar.

Dokumentasjon

Bruk mobilkamera til å dokumentere prosessen. Noter resultat undervegs og bruk gjerne rapportgeneratoren til å føre forsøksrapporten.


CC BY-SASkrive av Skolelaboratoriet for biologi, UiO og Kristin Bøhle.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2020

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis