Hopp til innhald

Arbeidsoppdrag

Oppdrag: Lag insulin – steg for steg

Lag insulin ved hjelp av genteknologi. Få innsikt i korleis bioteknologar jobbar, og kva verktøy som blir brukte i arbeid med DNA.

Del 1. På laboratoriet

Når du går inn på laboratoriet nedanfor, er ikkje målet å fullføre fortast mogleg. Tvert imot. For å kunne produsere insulin på laboratoriet må du aktivt delta ved å løyse oppgåver undervegs. Oppgåvene krev at du har lese og forstått korleis bioteknologane arbeider.

  • Undervegs klikkar du på det du meiner er riktig alternativ. Viss du klikkar feil, les du teksten som dukkar opp, og prøver på nytt.
  • Du har ikkje moglegheit til å gå tilbake.
  • Når du er klar: Klikk på pila til høgre for å setje i gang.
Tastaturnavigering

Bruk Tab og Enter.

Del 2. Kva lærte du i arbeidet som bioteknolog?

Oppsummer det du no har lært om verktøy i arbeid med DNA. Prøv å svare på desse spørsmåla:

  • Kva er genteknologi?
  • Forklar dei ulike stega i prosessen for produksjon av insulin ved bruk av genteknologi.
  • Kva er PCR, og korleis fungerer metoden?
  • Korleis kan vi overføre DNA frå ein organisme til ein annan?
  • Kva er restriksjonsenzym, og kva er spesielt med desse enzyma?
  • Kvifor er det viktig å ha solid teoretisk bakgrunn når vi arbeider med genteknologi?
  • Veit du om andre produkt enn insulin som blir produserte ved bruk av genteknologi?
CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 18.01.2021

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis