Hopp til innhald

Fagstoff

Bioteknologi i kvardagen din

Synest du bioteknologi høyrest fjernt ut? Kanskje er teknologien nærare enn du trur. Vi er nemleg omgitte av produkt baserte på genmodifiserte protein, såkalla enzym, som gjer kvardagen vår litt enklare.
Ei jente heller vaskemiddel i vaskemaskinen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er eit enzym?

Enzym er protein som får kjemiske reaksjonar til å gå raskare. Enzym finst i alle levande organismar, i tallause variantar, kvar med si spesifikke oppgåve. Aktiviteten til enzyma blir påverka av miljøet proteina er i, til dømes av forhold som temperatur, pH og nærvær eller fråvære av andre kjemiske molekyl. Ved ugunstige forhold vil proteina denaturerast og misse den opphavlege strukturen sin og dermed òg dei spesifikke eigenskapane sine.

Enzymbioteknologi

Lysozym. Illustrasjon.

Ved hjelp av genredigering har forskarar endra på eigenskapane til fleire enzym slik at aktiviteten til proteina blir haldne oppe sjølv om miljøet blir endra. Nokre enzym har vorte modifiserte til å tole høge temperaturar, til å fungere ved unaturlege pH-verdiar eller til å reagere med ukjende kjemikaliar. Manipulering og endra bruk av enzym blir kalla enzymbioteknologi. Enzymbioteknologi har gitt enzym eigenskapar som effektiviserer industrielle prosessar og oppgåver i heimen.

Praktisk bruk av enzym

Heime hos deg finn du enzym i vaskemiddel. Enzym blir òg brukte i framstillinga av tekstil, brus, ost og is, og til fjerning av klister ved resirkulering av papir.

Vaskemiddel

Tradisjonelt vart enzym tilsette i vaskemiddel for å bryte ned protein og feitt i til dømes raudvin, grønske og olje, som set merke på klede og kan vere vanskeleg å få bort. For at enzyma skal fungere effektivt til dagens klesvask, må dei tole høge temperaturar slik at dei kan utføre oppgåvene sine sjølv ved 95 °C. Slike enzym er utvikla frå enzym som finst naturleg i mikroorganismar som lever i varme kjelder.

Tekstilar

Butikkhyller med jeans. Foto.

Når du kjøper ein stilig, sliten jeans, er han ofte steinvaska. Tidlegare vart denne prosessen utført, som namnet tilseier, ved å vaske stoffet saman med steinar. Dette var ein vannkrevjande prosess som svekte kvaliteten på stoffet. Ved bruk av enzym blir den same typen jeans i dag laga med mindre forbruk av vatn og utan at kvaliteten på stoffet blir redusert.

Mat og drikke

Pepsi- og Coca-Cola-boksar i ei butikkhylle. Foto.

Mais- og kveitesirup er kjende søtingsstoff i matindustrien. Ved bruk av enzymet glukoamylase kan stivelse frå mais brytast ned til glukose og delvis bli gjort om til fruktose. Denne prosessen er mindre kostbar enn utvinning av sukrose frå sukkerrøyr, og maissirup har derfor vorte det mest brukte søtingsstoffet i bakevarer og leskedrikkar som Coca-Cola og Pepsi.

I osteproduksjon blir det brukt enorme mengder mjølk. Til produksjon av 1 kg kvitost krevst det heile 10 liter mjølk. Av dette blir 9 liter til biproduktet myse, som vi i Noreg har utnytta til å produsere den tradisjonsrike brunosten. Myse har høgt innhald av laktose, og ved hjelp av enzymbioteknologi kan laktose i mysa brytast ned til glukose og galaktose, som vidare blir brukt som søtingsstoff i mellom anna is og konfekt. Den same teknologien blir brukt til fjerning av laktose frå mjølk.

Papir

Presset kube av resirkulert papir. Foto.

I papirindustrien blir enzym brukte til å fjerne lim, teip og klistremerke på papir som skal resirkulerast. Desse enzyma blir kalla esterasar og klipper opp dei klebrige molekyla i limet til små bitar som gjer dei meir vannløyselege og dermed lettare å fjerne frå papiret. Klisteret reduserer nemleg kvaliteten på papirproduktet og er uheldig for maskinane som handterer prosessen. Esterasar er derfor ein viktig del av papirindustrien i dag.

Relatert innhald

Kjelder

Phillips, Theresa. (2019, 2. desember). Enzyme Biotechnology in Everyday Life. Henta 16. oktober 2020 frå https://www.thoughtco.com/enzyme-biotechnology-in-everyday-life-375750

Robinson, Peter K. (2015, 15. november). Enzymes: principles and biotechnological applications. Henta 9. november 2020 frå https://www.ncbi.nlm.nih.gov/pmc/articles/pmc4692135/

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 09.11.2020

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis