Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Lag din eigen yoghurt

Bioteknologi vil seie å bruke levande organismar til å lage nyttige produkt, og det har menneska gjort i fleire tusen år. I dette forsøket skal du utforske tradisjonell bioteknologi ved å lage din eigen yoghurt.
Ei skål med yoghurt naturell ved sida av ei mindre skål med mysli. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Bakgrunnsteori

Yoghurt inneheld bakterien Lactobacillus acidophilus. Spesielle enzym i denne bakterien har den eigenskapen at dei kan gjere laktose i mjølk om til mjølkesyre. Omdanninga senkar pH-verdien i mjølka og påverkar proteinstrukturen til mjølkeproteinet kasein slik at mjølka tjuknar. Dette gir oss produktet vi kjenner som yoghurt.

Føremål

Føremålet med forsøket er å utforske praktisk bruk av tradisjonell bioteknologi.

Fordi det ikkje er lov til å ete eller drikke på laboratoriet, må dette forsøket utførast i klasserommet eller på eit kjøkken, slik at de kan smake på yoghurten de lagar.

Framgangsmåte

  1. Start med å undersøkje mikroorganismane du skal jobbe med, i mikroskopet.

    1. Bland ei kvart teskei yoghurt naturell med om lag 2 teskeier vatn i eit lite begerglas. Løysninga skal vere ganske tyntflytande.
    2. Plasser ein drope yoghurtløysning på eit objektglas, og legg over eit dekkglas.
    3. Sjå på preparatet under mikroskop. Start med låg forstørring, og auk forstørringa etter kvart. Kva ser du? Ta gjerne bilete med mobiltelefonen gjennom okularet på mikroskopet.
  2. Lag din eigen yoghurt.

    1. Bruk ein kjele, og varm opp mjølka til 82 °C. Rør i mjølka heile tida. Bruk gjerne eit digitalt termometer.
    2. Ta kjelen av plata, og lat mjølka kjøle seg ned til 42 °C. Tips: For å kjøle ned mjølka raskare kan du fylle vasken med kaldt vatn og setje kjelen der.
    3. Tilset om lag 1 teskei yoghurt, og rør han godt inn i mjølka.
    4. Hell blandinga over i reine syltetøyglas eller liknande. Set på lok, og plassar yoghurtglasa i varmeskåp (eller midt i steikjeomnen) på 42 °C i om lag 7–10 timar (kan stå til neste dag). Jo lenger yoghurten står, desto syrlegare blir han.
    5. Set yoghurtglasa i kjøleskåpet i minst 6–12 timar – gjerne fram til neste naturfagsøkt – slik at yoghurten tjuknar. No kan du røre i yoghurten, slik at han får ein jamnare konsistens.

Tips!

Smakset gjerne yoghurten med frukt, bær eller honning.

Spørsmål og resultat

  • Beskriv korleis Lactobacillus acidophilus ser ut under mikroskopet.
  • Kvifor kan vi seie at produksjon av yoghurt er praktisk bruk av bioteknologi?
  • Kva gjer Lactobacillus acidophilus med mjølka for at ho skal bli til yoghurt?
  • Forklar dei ulike temperaturstega i framgangsmåten. Kvifor er dette viktig?
  • Forklar kvifor yoghurt har ein syrlegare smak enn mjølk.
  • Samanlikn smaken på yoghurten du har laga sjølv, med industrielt produsert yoghurt kjøpt i butikken. Beskriv forskjellar og likskapar.
  • Kva andre produkt som er laga ved hjelp av bioteknologi, har du heime?
  • Kva er forskjellen på tradisjonell og moderne bioteknologi?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Einar Martin Kålen og Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 05.12.2020

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis