Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Podkast: Assistert befruktning – hele historien

Bioteknologirådet lagar podkasten Biotekpodden. Episoden "Assistert befruktning – hele historien" fortel historia om kampen for å bli foreldre, som omfattar alt frå skam og hemmeleghald til medisinske gjennombrot.
Baby som ligg i ei seng og geispar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lytt til podkasten Biotekpodden

Podkasten Biotekpodden: Assistert befruktning – hele historien

0:00
-0:00

Spørsmål til podkasten

  1. Forklar omgrepet assistert befruktning.
  2. Når blei det første prøverørsbarnet i Noreg fødd?
  3. Kva er dobbeldonasjon? Er dette lov i Noreg?
  4. Har alle moglegheit til å få assistert befruktning? Kva med lesbiske, homofile og einslege mødrer?
  5. Lag ei tidslinje som illustrerer viktige vendepunkt og utviklinga av haldningar knytte til ufrivillig barnløyse frå 1947 og fram til i dag.
  6. Kvifor trur du regjeringa innsåg at det var behov for ei bioteknologilov?
  7. Korleis er debatten om assistert befruktning relevant i dag?
  8. Meiner du det er ein menneskerett å få barn? Grunngi svaret ditt.

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 07.12.2020

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis