Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Kan genteknologi gi meir mat i framtida?

Befolkninga i verda aukar, og ifølgje FN vil det i år 2050 vere ca. 10 milliardar menneske på jorda. Derfor vil behovet for matproduksjon auke. Kan genteknologi vere løysinga for å skaffe mat i framtida? Gjer deg opp ei meining, diskuter, og skriv lesarinnlegg.
Eit barn held litt jord og ein frøplante i hendene. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve

I denne oppgåva skal du først utforske kva haldingar både du og medelevane dine har til bruk av genteknologi i matproduksjon. Deretter skal du finne informasjon om berekraftig genteknologi og haldningane nordmenn har til genmodifisert mat. Noter stikkord i kvar del av oppgåva. Denne informasjonen treng du nemleg når du heilt til slutt skal skrive om emnet.

Del 1. Kva meiner du?

  1. «Genteknologi er løysinga for å skaffe mat i framtida.» Kva meiner du om denne påstanden? Grunngi.
  2. Spør sidemannen kva han eller ho meiner. Lytt utan å kome med eigne argument.

Del 2. Høyr på podkasten Teknisk sett

Podkasten peiker på fleire av dei utfordringane verda i dag står overfor, mellom anna befolkningsvekst og avgrensa ressursar, og drøftar om bioteknologi kan bidra til berekraftig mat.

Høyr på podkasten Teknisk sett saman i klassen. Noter ned stikkord undervegs. Dette vil hjelpe deg vidare i arbeidet.

Podkasten Teknisk sett – bioteknologi til berekraftig mat

0:00
-0:00

Del 3. Kan genteknologi vere berekraftig?

For å kunne vurdere om noko er berekraftig, må ein finne ut korleis det påverkar både klima og miljø, økonomi og sosiale forhold. Finn ut om genteknologi kan vere berekraftig.

Noter ned det du finn ut. Hugs å ta vare på lenkja der du tek informasjonen frå, slik at du kan vise til kjelda i teksten du skal skrive til slutt.

Tips!

Du kan kommentere om ei kjelde er truverdig, når du skal argumentere for eller mot genteknologi. Gjer du det godt, kan det styrkje ditt eige truverd. Kven står bak informasjonen? Er avsendaren påliteleg, argumenta saklege og påstandane etterprøvbare?

Del 4. Er genmodifisert mat noko forbrukarane vil ha?

Undersøk statistikk og andre kjelder som kan gi svaret på dette:

  • Kva meiner nordmenn om bruk av genmodifisert mat?
  • Kva seier dette om haldningane og verdiane til nordmenn?

Endrar informasjonen du finn, synet ditt på om vi bør satse på genmodifisert mat?

Del 5. Diskuter praktiske og etiske sider ved berekraftig matproduksjon

Bruk det de no har funne ut, til å diskutere desse spørsmåla vidare i grupper:

  • Kva betyr berekraftig matproduksjon i Noreg?
  • Korleis kan genteknologi bidra til meir eigenprodusert mat?
  • Korleis kan genteknologi bidra til betre utnytting av ressursar?
  • Kva motførestillingar er knytte til bruk av genteknologi i matproduksjon?
  • Kva betyr det at genteknologi skal brukast til føremål som er berekraftige, samfunnsnyttige og etisk forsvarlege?
  • Er det etisk riktig å bruke genteknologi for å brødfø verda?

Del 6. Skriv ei drøfting eller eit lesarinnlegg

No kan du velje ei av oppgåvene nedanfor.

  1. Drøft følgjande problemstilling: «Kan genteknologi vere løysinga for å skaffe mat i framtida?»
  2. Skriv eit lesarinnlegg der du argumenterer for bruk av genteknologi i matproduksjon.
  3. Skriv eit lesarinnlegg der du argumenterer mot bruk av genteknologi i matproduksjon.
Tips til drøfting
  1. I ei drøfting bør du sjå på argument både for og mot saka. Og kanskje noko midt imellom òg? For verda er jo ikkje svart-kvit. Kanskje vil du få fram at løysinga ikkje er anten-eller, men noko midt imellom.
  2. Start med å lese deg opp på saka. Ver kjeldekritisk når du vel kva ressursar du vil bruke.
  3. Diskuter med medelevar. Kan du få tips og inspirasjon av dei? Dette gjeld særleg om dei har eit anna syn på saka enn deg.
  4. Skriv!
Tips til lesarinnlegg
  1. Skriv først ned ei setning der det kjem klart fram kva som er målet ditt med dette lesarinnlegget. Det kan hjelpe deg med å halde deg til den raude tråden i innlegget: «Målet mitt med dette lesarinnlegget er å …»
  2. Skriv ned det du meiner er dei viktigaste argumenta, i eit tankekart rundt eller under setninga. Pass på at argumenta faktisk støttar opp om det som er målet med lesarinnlegget.
  3. Eit godt triks for å overtyde er å tale til både hjartet og hovudet. Du bør altså kombinere fornuftsargument med argument som speler på kjensler. Til dømes bør du skrive ned nokre kjelder du vil bruke i lesarinnlegget ditt. Dersom du viser til tal og faktum, vil du ha meir truverd enn viss du berre skriv at «vi må slutte å ete kjøt for å redde planeten».

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Åsa Abusland og Camilla Øvstebø.
Sist fagleg oppdatert 06.01.2021

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis