Hopp til innhald

Fagstoff

Rettsgenetikk

Rettsgenetikk omfattar bruk av genetisk kunnskap i sivil og strafferettsleg samanheng. Dette inneber oppfølgjing og analyse av biologiske spor knytte til straffesaker, fastsetjing av farskap eller annan slektskap og personidentifikasjon av levande eller døde.
Forskar undersøkjer utskrift med resultat av DNA-test. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva er ein DNA-profil?

Det er berre ein liten del av DNA-et vårt som inneheld gen, og som dermed gir oss informasjon om helsa vår og dei fysiske eigenskapane våre. Heile 95 % av DNA-et vårt består av område utan nokon kjend funksjon. I dette området av DNA-et finn vi ulike kombinasjonar av basar som blir gjentekne mange gonger etter kvarandre. Desse områda har fått namnet STR (Short Tandem Repeats), og det er STR-områda som blir brukte i rettsgenetiske analysar.

Ein representasjon av eit STR-område med GATA-repetisjonar blir samanlikna for ein ung og ein eldre mann. På allel 1 hos den unge mannen finn vi 10 repetisjonar av STR-området med GATA-repetisjonar, og på allel 2 finn vi 8 repetisjonar av same STR-område. Dette dannar den første koden i talrekkja til ein DNA-profil hos denne personen, 10-8. På allel 1 hos den eldre mannen finn vi 7 repetisjonar av STR-området med GATA-repetisjonar, og på allel 2 finn vi 7 repetisjonar av same STR-område. Dette dannar den første koden i talrekkja til ein DNA-profil for denne personen, 7-7. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

STR-områda er spesielt eigna for identifisering av personar, sidan talet på repetisjonar av kvart STR-område varierer frå person til person. Ettersom vi arvar halvparten av DNA-et frå mor og halvparten frå far, kan desse områda òg brukast til testing av nær slektskap, til dømes farskap og morskap.

For å få ein sikker analyse undersøkjer ein fleire STR-område samtidig. I ei biologisk sporprøve undersøkjer ein vanlegvis det repeterande mønsteret av 16 ulike STR-område pluss eit område som angir om personen er mann eller kvinne. Dette gir ein DNA-profil som består av ei talrekkje som er karakteristisk for den personen prøva kjem frå, også kalla eit DNA-fingeravtrykk. Ein DNA-profil gir ingen nyttig informasjon åleine. Han må samanliknast med andre DNA-profilar for å kunne seie oss noko.

Sidan denne typen DNA-analyse blir utført på område av DNA-et som ikkje inneheld gen, vil ikkje resultata av slike analysar gi informasjon om personlege eigenskapar som blodtype, hårfarge eller risiko for sjukdom.

Biologiske sporprøver

Kvar enkelt person (med unntak av einegga tvillingar) har eit unikt DNA som er likt i alle cellene i kroppen. DNA-analysar kan derfor utførast på mange typar prøvemateriale, til dømes blod, spytt, vev, sæd og hår. Men alle biologiske spor er ikkje like godt eigna. Nokre kan vere vanskelege å analysere fordi dei ofte inneheld ureinskapar som kan hemme DNA-analysen, eller dei kan innehalde øydelagt DNA. Urin, avføring og oppkast er ikkje spesielt eigna som sporprøver, sidan dei inneheld veldig lite DNA.

Lage ein DNA-profil

For å kunne analysere ein farskapstest eller ei sporprøve må vi først lage ein DNA-profil som vi kan samanlikne med andre DNA-profilar. Framgangsmåten består av fleire steg der vi tek i bruk ulike genteknologiske verktøy.

Først må vi reinse prøva: Vi må hente ut DNA-et frå cellekjernen og skilje det frå resten av prøvematerialet. Dette blir gjort på litt ulike måtar avhengig av kva prøvemateriale vi skal hente ut DNA frå. Når DNA-et er isolert frå prøva, bruker vi PCR (Polymerase Chain Reaction) til å lage mange kopiar av dei utvalde STR-områda frå DNA-et.

Elektroforese

Etter å ha kopiert opp dei utvalde STR-områda må vi skilje dei frå kvarandre, slik at vi kan analysere talet på repetisjonar. Til det bruker vi elektroforese, ein teknikk der ein ved hjelp av eit elektrisk felt kan skilje elektrisk lada partiklar frå kvarandre. DNA er negativt lada og blir derfor trekt mot den positive polen i det elektriske feltet. Når DNA-fragmenta får vandre gjennom eit porøst medium, vil dei bli skilde frå kvarandre basert på lengd. Korte DNA-fragment beveger seg raskt, mens lange DNA-fragment beveger seg tregare fordi dei møter meir motstand i mediet.

Sidan DNA-fragmenta er usynlege, tilset vi ein fargemarkør i kvart STR-område. Fargemarkøren og lengda på DNA-fragmenta blir lesne av og framstilte digitalt som toppar i eit diagram. Desse toppane viser då tal repetisjonar av kvart STR-område og dannar ein digital DNA-profil som kan samanliknast med andre DNA-profilar.

Til venstre: Ein laser lyser mot ein detektor som er kopla til ein PC. Ein stav med ulike fargar er plassert ved laserstrålen. Illustrasjon av kapillær gel-elektroforese.
Til høgre: Ein ung mann sit framfor ein PC-skjerm, mens ein vaksen mann forklarer grafane på PC-skjermen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Analysere ein DNA-profil

Ved ein farskapstest vil DNA-profilen til barnet bli samanlikna med DNA-profilen til mora og den moglege faren. Ei sporprøve frå ein åstad vil gi ein DNA-profil som kan samanliknast med DNA-profilen til ein eller fleire mistenkte i saka.

Tabell som viser DNA-profilen til ei sporprøve og to mistenkte. Talrekkja frå 16 STR-område og eit område for kjønn viser at DNA-profilen til mistenkt 2 er identisk med sporprøva.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viss ein ikkje har mistenkte i ei sak, kan politiet samanlikne DNA-profilen med DNA-registeret sitt, eit arkiv med DNA-profilar. DNA-registeret består av tre delar:

  • Identitetsregisteret inneheld DNA-profilar frå personar som er dømde til fengselsstraff eller samfunnsstraff.
  • Sporregisteret inneheld DNA-profilar frå uoppklarte straffesaker.
  • Etterforskingsregisteret inneheld DNA-profilar frå mistenkte som er kopla til ei pågåande etterforsking.

Relatert innhald

Kjelder

Oslo Universitetssykehus (2019, 26. november). Rettsgenetikk. Henta 23. oktober 2020 frå https://oslo-universitetssykehus.no/fag-og-forskning/nasjonale-og-regionale-tjenester/rettsmedisinske-fag/rettsgenetikk

Bioteknologirådet (2020, 16. januar). DNA-analyser i etterforskning og rettsvesen. Henta 25. oktober 2020 frå https://www.bioteknologiradet.no/temaer/dna-analyser/

CC BY-SASkrive av Camilla Øvstebø .
Sist fagleg oppdatert 28.10.2020

Læringsressursar

Bioteknologi i praksis